Næringsliv | 02. feb. 2011

Vellukka nyopning

Etter ti år i same lokale flytta VIC måndag til ny butikk på Amfi Os.

Vellukka nyopning
Andris Hamreonsdag 02. feb. 2011 12:42

I ti år har du funne VIC rett opp for rulletrappa på Amfi Os. Måndag var ei epoke over då dei flytta til nyoppussa lokalar litt lengre bort i gangen.

- Vi har fått ei fantastisk mottaking med mange gode tilbakemeldingar dei siste dagane, fortel dagleg leiar Elisabeth Østrem Gabrielsen.

Herrekler for damene
Samstundes med flyttinga fann Elisabeth og dei andre i butikken ut at dei ville kutte ut damekler og heller konsentrere seg om mote for menn.

- Vi erfarte at det var herreklea som sto for storparten av salet i butikken.

- Damene kom i butikken for å sjå på kler til seg sjølv, men gjekk ofte ut med klær til mannen i staden. No håper vi at dei fortset å koma sjølv om dei ikkje finn noko til seg sjølv, smilar Elisabeth.

Tøff bransje
For berre nokre veker sidan gjekk konkurrenten Warner konkurs og lokala rett ovanfor VIC står tomme.

Elisabeth skulle gjerne sett at dei fortsatt var der slik at dei to butikkane kunne dratt nytte av kvarande, men innrømmer at ho har valt seg ei tøff bransje å driva i.

- Tekstilbransjen har opplevd tøffe tider det siste året, men vi har klart oss bra og eg har tru på god drift i dei nye lokala.

- Vi har valgt å konsentrera oss om merker som kjeden har, som Jean Paul og Conti. Så lenge vi konsentrerar oss om desse og er gode på dei, trur eg det skal gå bra, avsluttar den nøgde butikksjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.