midtsiden

Vellukka nyopningar

I går var det to nyopningar på AMFI Os, begge butikkdrivarane fortel om god start.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Under nattope sentrum på AMFI Os torsdag var det også nyopning på Tropehagen Zoo og opning av Milly-Molly-Mandy & Co, som flytta frå Os sentrum til senteret.

- Det er tydeleg at mange har sakna dyrebutikken, som har vore stengt i rundt to månadar, seier Monica Sagen Jensen.

Ho jobba på Kid då ho fekk høyra at butikken som kjeden eig trengte ny drivar, og dyrevenen slo til med det same.

- Medan eg malte og fekk ny innreiing på plass var det fleire innom for å høyra kor tid vi skulle opna. Både fôr til katt og hund og høy til kaninar og andre gnagarar er blant viktige varegrupper, ting folk har sakna medan butikken var stengt.

Meir leik og mote
Milly-Molly-Mandy & Co har halde på profilen sin i ny, større butikk i andre etasje i AMFI Os.

- Det skjedde fort, men etter to travle veker klarte vi å ha ope to timar onsdag kveld før sjølve nyopninga torsdag, fortel Tina Nordvik.

I ny butikk har ho fått plass til større utval av leikar, og blant anna det nye tekstilmerket for barn; Nova Star.

- Ved sida av klede for gravide og ammande har vi frå start hatt klede for born mellom 0 og 6 år. Dette blei seinare utvida til 0-8 år, no har vi auka igjen med utval opp til 10 år fortel Tina, også ho svært nøgd med starten i nye lokaler.

Fleire saker