Sport | 23. juni 2011

Vellukka offroad på Ulven

For første gong har det blitt arrangert MTB-ritt på Ulven. Det blei suksess for både deltakarar og arrangør.

Vellukka offroad på Ulven
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. juni 2011 09:16

– Vi hadde ein test i fjor, men det var uorganisert. No er Os på terminlista og i førre veke hadde vi MTB Shimanocup på Ulven, seier Leif Erik Garvik frå CK Henie.

Det er Fløyen MTB Bergen som arrangerer Shimancup, som består av to ritt om våren og to om hausten. Det første var på Fløyen, det neste er i Åsane.

– Vi hadde 24 deltakarar på Os, gutar og jenter frå 10 år til over 50 år, seier Garvik, som sjølv vann klassen frå 40 til 49 år.

– Deltakarane og arrangørane likte løypa og terrenget veldig godt.

Tohjulingar som hjelper kvarandre

Dei yngste sykla to rundar, ungdomen 4 og dei vaksne 6 rundar. Delar av den cirka 2 kilometer lange rundbanen gjekk innom crossløypa til Os MC og MX klubb.

– Vi må få retta ei stor takk til denne fantastiske klubben, som på strak arm seier ja til både lån av bane og dessutan tilbyr oss å låna klubbhuset deira som base, skryt Garvik.

Fleire frå Os

I tillegg til Garvik var det tre deltakarar frå Os-klubben CK Henie.

Samung Nordang i klassen menn 30-39 år (7. plass) og to frå juniorgruppa, Tinius Kittelsen og Maren Skogen, begge i klassen 11-12 år.

Løland raskast

Raskast av seniorane var Stig Løland, som sykla seks rundar på 41,15.

Rett bak kom Kenneth Haugland på 41,40. Begge er frå Fana IL.

I klassen gutar 13-14 år var det tre deltakarar. Her var Scott A Bredvold frå Fløyen raskast med 16,35 (2 rundar).

Garvik vann herrer 40-49 med tida 47,43. På plassane bak kom Egil Odland (50,07) og Øystein Næss frå Fløyen på 55,23.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.