Lokal | 17. nov. 2011

Vellukka opningsdag

Torsdag opna dei Sport1 på Os. Fredag kjem 71 grader Nord-deltakar Martin Winther på besøk.

Vellukka opningsdag
Andris Hamretorsdag 17. nov. 2011 15:00

Torsdag klokka 08 opna dørane til den nyaste butikken på Amfi Os då Sport 1 opna i 2. høgda på senteret.

- Allereie kvart på åtte var det fullt trøkk, fortel innehavar Erik Rosendahl.

Då Midtsiden.no var innom i eitt-tida var det framleis fullt trøkk og mykje kunder blant reolane.

- Det har vore ein kjempedag så langt. Litt slitne etter å ha stått på lange kvelder for å nå opninga er vi sjølvsagt, men det går med eit smil, seier butikkeigaren.

- Folk er positive sjølv om det blir litt kø og gjev uttrykk for at dei set pris på at det har kome ein ny sportsbutikk på senteret.

Rosendahl har inntrykk av at folk har sakna eit alternativ til MX Sport og eit enno større utval av sportsklede på senteret i staden for å reisa til Os sentrum eller Lagunen for å finne alternativ.

Konkurranse med Martin

Fredag, dagen etter opninga kjem ein av favorittane frå 71 grader Nord på TVNorge på besøk. Martin Winther er blant mange rekna som den sterkaste i konkurransa om å ta seg til Nordkapp.

- Det er du som seier han er favoritt. Eg har ingen kommentar til kven som vinn den konkurransa, smilar Rosendahl.

- Men i morgon frå klokka 14 kan osingane få konkurrera med Martin.

- Han kjem til å vera i butikken og mellomanna ha ei konkurranse kor kundane skal tippa vekta på ein ryggsekk med diverse varer.

- I tillegg kan det jo vera eit og anna turtips å plukka opp, avsluttar butikkinnehavaren med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.