Sport | 27. feb. 2011

Vellukka strategi

For fire år sidan bestemte Os skyttarlag seg for å satsa på ungdommen. No ber strategien fruktar.

Vellukka strategi
Andris Hamresøndag 27. feb. 2011 12:38

Gjennom fleire stemner i vinter har dei unge skyttarane vist gode resultat og vunne fleire stemner.

- Det skal bli veldig spennande å sjå korleis det går når vi kjem ut, fortel Anstein Eidsvik i skyttarlaget.

- Normalt får mange enda betre resultat når dei kjem ut. Grunnlaget ungdommane har lagt gjennom vinteren er i allefall utruleg bra, skryt Eidsvik.

Ungdomsgruppa favnar heile 60 ungdommar i alderen 9 - 17 år.

Kjøpte utstyr

På årsmøtet i 2009 la skytterlaget ein strategi med mål om å ha skyttarar i finalane på landsskytterstemnet i 2012 i alle ungdomsklassane frå rekruttar til juniorar.

- Vi var ikkje langt unna å nå målsettinga allereie i fjor kor vi hadde finalistar i både eldre rekrutt og juniorklassa, fortel leiar i Os skyttarlag Steinar Eidsvik.

For å kunne nå målsettinga måtte skyttarlaget investera i utstyr slik at ungdommane ikkje trong kjøpa dette sjølv for å kunne starta med skyting. Eit konkurransevåpen kostar omlag 20.000, i tillegg kjem klede og anna utstyr.

- Resultata tydar på at vi gjorde eit riktig val, smilar Eidsvik.

Laserskyting

Neste utfordring for skyttarane var å treffa ungdommen. Det gjorde dei med å stilla på mellom anna Nore Neset dagane kor dei lot alle som var interresert få freista laserskyting.

- Også her lukkast vi.

- Mange av dei som vi rekurtterte på messene kom utanfra og hadde ikkje vore bort skyting tidligare, fortel Eidsvik.

- Det som òg er kjekt er at foreldra deira tydelegvis tykkjer dette er kjekt. Når ungdommane trenar samlast dei i klubbhuset til kaffe og felles hygge.

Vil laga ungdomsrom

Det neste prosjektet til Eidsvik no er å settja i stand eit rom i klubbhuset som ungdommen kan bruka.

- Dei skal få eit eige klubblokale som dei kan bruka som dei vil, spele musikk og kose seg saman, fortel Eidsvik.

- Der vil vi òg leggja til rette for at dei kan læra å lade sin eigen ammunisjon og gjera anna vedlikehald av våpena.

Men det viktigste trur Eidsvik er at dei får ein plass å samlast også utanom treningane, avsluttar ein nøgd Eidsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.