Lokal | 15. apr. 2012

Velt, kollisjon og ruteknusing

Det siste døgnet har politiet fått melding om ruteknusing, sykkelkollisjon, mopedulykke og ran. Sistnemte var falsk alarm søndag ettermiddag.

Velt, kollisjon og ruteknusing
Politiet i Os rykte ut til mopedulykke i Rolvsvåg søndag.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. apr. 2012 18:50

Os-politiet måtte seks kilometer forbi kommunegrensa då dei i 12.30-tida i dag rykte ut på ei trafikkulykke i Rolvsvåg.

– Ein mann i slutten av 60-åra hadde ei ulykke på mopeden sin. Han blei frakta til legevakt med skuldra ut av ledd, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Ronny Lentføhr.

Ransalarm utan ran

Søndag ettermiddag i 17-tida rykte større politistyrker ut til melding om ran i Os.

– Ein ransalarm var løyst ut ved ein av bensinstasjonane, men det viste seg at nokon ved eit uhell hadde kome borti knappen.

Knuste rute på skule

Klokka 1.50 natt til søndag fekk politiet melding om ruteknusing ved Os ungdomsskule.

– To ruter er knust. Dei skal vera knust med klinkekuler.

Kolliderte på sykkel

Laurdag midt på dagen var det ein kollisjon mellom to syklistar.

– I 13.30-tida kolliderte to tråsyklistar. Ein av dei blei frakta til sjukehus med ambulanse, fortel Lentføhr.

Politiet har også hatt nokre trafikkontrollar i Os i helga, på Søfteland og i Hegglandsdalen, men ikkje funne nokre lovbrot å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.