– Vemodig, seier vikaren
Christer Danielsen har fredag sin siste arbeidsdag som leiar for AMFI Os.
Om han har steppa inn i eit innarbeidd system etter Anne Kristine Tøsdal, har vikarierande senterleiar Christer Danielsen fått fleire utfordringar og spennande arbeidsdagar i året han har vore vikar for Tøsdal;
Ferdigstilling og opning av det rundt 2000 kvadratmeter store tilbygget og opning av dei nye butikkane Coop Extra, Tilbords, Sport1, Kitch'n og nyopning hos Nille no i vår.
– Eg har lært veldig mykje dette året og eg har blitt kjent med veldig mange hyggelege menneske her på AMFI, seier Danielsen, som har bakgrunn frå reklamebransjen, men som også har vore vikar i liknande kjøpesenter-stillingar tidlegare.
– Det blir vemodig å runda av og gå frå kontoret i morgon.
Ferie og fødsel først
Fredag har han sin siste dag i vikariatet, no kjem senterleiar Anne Kristine Tøsdal tilbake frå morspermisjon.
Christer hadde flytta til Os, forelska seg i Os og oppkalt sin førstefødde etter Os (Oskar), før han fekk vikariatet som senterleiar.
– Kva skal du gjera no?
– Eg har eigentleg bestemt meg for å ha litt fri før eg byrjar i jobb igjen. Det har vore nokre travle år med stifting av familie, husbygging og ny jobb, så det skal bli fint med ein skikkeleg sommarferie.
– Og så ventar vi born nummer to no i juli, det gler vi oss veldig til.
"Os er Os"
Danielsen fortel at inntrykket hans av Os, forsterka av kva han har blitt fortalt, er at Os er Os, ikkje prøv å vera bergensar og prøv å endra på ting.
– Nokre småendringar har eg innført, og nokre av dei resulterte i ramaskrik i to veker, ler Christer.
– Og så har dei sett at det finnest andre, og av og til betre måtar å gjera ting på. Det er lett å bli husblind, du gjer det du alltid har gjort og trur at det må vera sånn.
– Men Os er framleis Os, bygda har noko unikt med korleis folk tar vare på kvarandre. Det er eit unikt samhald mellom bedriftene på senteret, mange venar på kryss og tvers av butikkane, fleire tar morgonkaffi saman før opning og det er veldig bra oppmøte og engasjement på møter og sosiale samankomstar.
Christer seier han har sett fram til kvar dag på jobb, og at han er takksam for tida saman med dei rundt 50 leigetakarane og deira tilsette på senteret.
– Eg fekk blomar på sommarfesten tidlegare i juni og eg har fått blomar no. Og eg har fått mange fine tilbakemeldingar. Det set eg stor pris på, seier Christer Danielsen.
Klar for comeback
Anne Kristine seier ho er glad for at Christer har gjennomført jobben så godt.
– Han har vekrkeleg tatt ansvar, i ein travel periode, og han er svært godt likt blant dei tilsette på senteret.
– Det gjer at eg har kunna nyta permisjonstilværet til fulle.
– Men no gler eg meg til å koma tilbake på jobb, i eit endå større senter enn i fjor, seier Tøsdal.