Lokal | 27. nov. 2019

Venstre og SV snur - vil vraka ferjefri E39

VG: Statssekretær Atle Hamar (V) i Klimadepartementet vil heller bruka pengane på klimateknologi.

Venstre og SV snur - vil vraka ferjefri E39
Ei av dei ferskaste skissene av bru over Bjørnafjorden, her sett frå Reksteren mot Øyane. (Ill.: Prosjektgruppa AMC)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. nov. 2019 09:13

Ferjefri E39 blei vedtatt av den raudgrøne regjeringa, med SV, i 2013. No meiner både SV og Venstre at prosjektet er utdatert.

Vil vrake gigantprosjekt, skriv VG i dag.

– Vi kan rydda opp i dei forferdeleg dårlege vegane, og samtidig gjera Noreg verdsleiande innan grøn skipsfart, seier statssekretær Atle Hamar (V) i Klimadepartementet.

– Når vi legg så mykje innsats i å bli verdsleiande på nullutslepps-ferjer og hurtigbåtar må vi stilla spørsmålet om ikkje det er betre å halda på denne kaffipausen over fjorden, legg han til.

Nestleiar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, meiner det aldri er for seint å snu.

Arbeidet held fram som før

I september blei det klart at Statens vegvesen, i sitt forslag til NTP som skal leggast fram i 2021, kan koma til å anbefala å halda på nokre av ferjene for å gi meir veg per krone.

Samtidig sa Signe Eikenes til Midtsiden at anbefalingane i den bestilte «meir veg for pengane-analysen» ikkje påverka det vidare arbeidet med bru over Bjørnafjorden.

Fleirtalet i Os kommunestyre gjekk i september inn for å støtta at det vidare arbeidet blir gjennomført som statleg plan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.