Lokal | 05. feb. 2014

Venstre tar avstand

Terje Søviknes (Frp) inviterer alle parti med i arbeidsgruppe for å førebu ilandføring av bru og ny E39 gjennom Os. Jon Sivert Rykkel (V) takkar nei.

Venstre tar avstand
Terje Søviknes og Jon Sivert Rykkel på kommunestyremøtet om bru 5. februar 2013. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. feb. 2014 07:39

Fredag 20. desember blei det kjent at regjeringa har bestemt seg for at ny ferjefri kyststamveg mellom Aksdal og Bergen skal følgja midtre trasé, med bru over Bjørnafjorden frå Stord via Reksteren og til Os.

Det blei også bestemt at staleg plan skal følgjast, vedtaka skal bli tatt på statleg, ikkje kommunalt nivå.

Dette var Frp oh Høgre veldig nøgd med, mens folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden sa at dette var det verste som kunne skjedd.

Inviterer alle - ber om pengar

No vil ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp), laga ei arbeidsgruppe der gruppeleiarane i alle parti er med, for saman å forma ei uttale til seinare høyring.

– Vi må forholda oss til det som er bestemt og vera på offensiven og gjera eit godt forarbeid med korleis vi vil at vegen gjennom Os skal gå.

Måndag kveld skreiv han ferdig sakspapir til formannskapet i neste veke. Søviknes vil også be om 200.000 kroner til arbeidsgruppa.

– Uttalen må vera grundig og då treng arbeidsgruppa både pengar til å laga skikkelege skisser, og kanskje nokre kroner til reise og liknande.

Venstre takkar nei

Rett før jul kom det invitasjon til eit møte der gruppeleiarane skulle diskutera den komande arbeidsgruppa. Os Venstre var ikkje representert på møtet, men har i ettertid drøfta saka internt.

– Vi har vurdert den komande invitasjonen nøye og konkludert med at vi ikkje ønskjer å vera med i ei slik gruppe, seier gruppeleiar Jon Sivert Rykkel i Venstre.

– Vi synest det er viktig å vera med i slike diskusjonar, men sidan det her er snakk om statleg plan vil vi neppe ha noko særleg vi skulle ha sagt. Og då vil vi ikkje vera del av ei gruppe som får det til å sjå ut som om Os kommune er samla om ein uttale.

Rykkel synest at han allereie såg konturane av dette då regjeringa serverte avgjerda om midtre trasé, og Søviknes i media ytra glede over vedtaket.

– Det er ikkje representativt for Os, det er ikkje noko fleirtal for midtre trasé i vår kommune. Her blei vedtaket i kommunestyremøtet i februar i fjor brukt til å få det til å framstå som om det er brei politisk semje om saka.

– Og det stemmer ikkje. Indre trasé fekk nokre stemmer, midtre trasé fekk ingen.

– Korleis vil Os Venstre jobba vidare med saka?

– Det er eit vedtak i regjeringa, men ikkje eit stortingsvedtak på traséval. Vi har vedtak i Hordaland Venstre på midtre trasé, men ikkje sentralt, så vi vil jobba med å få Venstre si stortingsgruppe til å bestemma seg for indre trasé.

– Der håper vi at nesteleiar Terje Breivik kan vera med og gjera ein god jobb.

– Det er no kampen byrjar

Søviknes høyrest overraska og skuffa ut når Midtsiden fortel at Venstre ikkje vil vera med i den nye arbeidsgruppa.

– Om det er staten som skal fatta vedtak er regjeringa rimeleg tydelege på at dei vil lytta til oss lokalt. Her handlar det om å snu seg rundt og gjera eit godt forarbeid, sånn at vi kan få noko som er i tråd med ønskene i uttalen vi har frå kommunestyremøtet for eit år sidan, seier ordføraren.

– Det er no kampen om ein god veg gjennom Os byrjar, det er no vi har bruk for alle argumenta.

– Er du einig i at du uttrykte glede på vegne av Os, for trasévalet, og at motstanden til bru er så stor at dette ikkje er representativt?

– Eg kan forstå at ikkje alle var nøgd med det, men eg uttrykte glede over at det kom ei avgjerd og eg personleg meiner at det beste for Os er at kyststamvegen ikkje går utanom bygda.

– Eg undrar meg også over at Venstre, som på fylkesnivå har bestemt seg for midtre trasé, lokalt ikkje vil vera med på å laga uttale om vegen gjennom Os. Det er synd om nokre parti vel å sitja på utsida av dette, synest Søviknes.

Realistisk med tunnel til Svegatjørn?

I vedtaket i kommunestyret i februar i fjor kjem Os kommune med blant andre desse punkta:

• Ilandføring av bru i Os skal ikkje skje i Søre Øyane/Røttingen og via øyene innanfor, men leggjast til Halhjem/Bjørnatrynet og vegen førast vidare i tunell mot Moberg/Svegatjørn.

• Nærmiljøet langs eksisterande E39 Halhjem-Moberg må skjermast ved at ny firefelt motorveg vert lagt i tunnell på denne strekninga.

EU-krav om doble tunnellaup var nettopp det som, i mange sine auge, gjorde indre trasé mindre aktuell. Tunnel kostar pengar, rundt 150.000 kroner per meter.

Er det då realistisk at det kjem tunnel frå Bjørnatrynet, under Vargavågen, under eksisterande Halhjemsvegen - 8,5 kilometer til Svegatjørn?

– Det er ikkje uvanleg med lange tunnellar direkte etter ilandføring av bru, seier Søviknes, og viser blant anna til den nye Hardangerbrua.

Signe Eikenes frå Statens vegvesen kjenner Aksdal-Bergen-saka godt, men vil ikkje uttala seg om kva som er realistisk for ny E39 gjennom Os.

– Men på generelt grunnlag kan eg seia at det ikkje er uvanleg å bygga tunnel utan at det er typografiske årsaker. Vi har fleire prosjekt på Austlandet, og for eksempel i Lærdal, der det blir tatt omsyn til for eksempel landbruk ved å legga delar av ein ny veg i tunnel. Dette har også blitt gjort utan at vi i vegvesenet, som faginstans, har anbefalt det.

– At det no er snakk om statleg plan treng heller ikkje å bety så mykje for Os, Os kommune er ein veldig viktig høyringspart i det vidare arbeidet, sjølv om staten skal fatta vedtaka, seier Eikenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.