Ventar fysisk motstand
I vår blei Os redda av to straffar i ein dårleg kamp mot Djerv. Hellevik ventar fysisk motstand i dagens bortekamp.


- Det er med flau smak i munnen vi tar tre poeng i dag, sa Frank Hellevik om heimekampen mot Djerv i vår.
I dag møter dei Djerv på bortebane.
- Eg ventar eit offensivt, hardtarbeidande Djerv-lag, som spelar langt og duellerer tøft. Eg har valt eit fysisk sterkt lag og håpar vi skal vera mentalt klare for den krigen som ventar, seier trenaren om dagens bortekamp.
Desse startar for Os i dag (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Vegard Borgen, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Stian Lunde, Christer Olsen, Torkel Hjertnes og Tim Henrik Sperrevik.
På benken har han med seg: Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Frode Buvik, Per Søgnen Merai, Preben Borgen, Ramo Racic og Christian Almeland.
Vegard Leikvoll Moberg tar plassen som indreløpar som Buvik har hatt dei siste kampane, Anders Glesnes, som storspelte i førre Os 2 kamp er tilbake som høgre back, der Jonassen har hatt tillit i det siste.
I tillegg tar Hellevik Christer Olsen inn på venstre kant, ein plass Almeland har starta i det siste. Sterke Vegard Borgen har erstatta Merai i midtforsvaret.