Ventar over hundre amcars til Os i dag
I fjor blei det rekord, no er årets versjon av Os-treffet i gang.
Os Amcarklubb opplevde rekord med 102 bilar i 2017 og auka til 137 og ny rekord i strålande vêr andre pinsedag i fjor.
I fjor var treffet flytta til parkeringsplassen på nordsida av Amfisenteret, der dei står også i år. Treffet varer frå klokka 9 og fram til klokka 15.
• Sjå bildeserie frå 2018-treffet
– Vi veit ikkje kor mange som kjem i år. Det er nok ein del som ventar litt med å køyra heimefrå for å forsikra seg om at det er opphaldsvêr, seier Linda Lund Sivertsen Håland.
Ho har parkert sin Buick '56 og held på å rigga opp kiosk.
– Det kjem og nokre få bodar med folk som skal selja ulike ting, og ein gokart med simulator som ungane kan få prøva. Dette blir ein kjekk plass for heile familien, seier Morten Monsen.
Underhaldande kåring
I løpet av Os-treffet skal ein jury kåra ein vinnar og ein 2. plass som får premie.
I tillegg blir det, i løpet av den siste timen på treffet, kåra «peoples choice», der bilane køyrer runde etter runde, to og to, for å slå kvarandre ut ved hjelp av publikum langs traseen.