15-metersbanen frå 2003 er fornya frå tak til golv. Også kulefangarar, utstyr og belsyning er nytt, moderne og godkjent i tråd med nye krav. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Venteliste og ny bane hos Os Skyttarlag

Alle æresmedlemmane stilte opp for å opna ny versjon av den 15 år gamle 15-metersbanen - tre dagar før innesesongen starta.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Æresmedlem og veteranar, frå venstre på bildet i serien over; Oddbjørn Eide, Arne Døsen, Thorbjørn Klausen, Else Eidsvik, Steinar Eidsvik, Reidar Dale, Johannes Taule, Gunnvald Smaadal, Odd Gorm Hansen og Oddvar Drange.

Os Skyttarlag merker stor pågang for tida, blant dei yngste er det ikkje plass til alle.

– Det er ei enorm rekruttering. Nett no har vi 12 på venteliste, fortel formann Therese Kraft.

Laget, som blei stifta nyttårsaftan i 1891, har rundt 450 medlemmar. Dei har òg nybyrjarskyting for vaksne.

Før innandørssesongen startar tysdag, i heimbygda med 234 påmeldte til den første av tre rundar i Os-karusellen, har det blitt bygd ny 15-metersbane og nytt opphaldsrom.

Jobba seg opp i kapital

Sist Os arrangerte Landsskytterstemna var i 2002. Då var det fest i kjellaren etter at stemna var over. Året etter bygde dei ein 15-metersbane i den same kjellaren.

– Då vi fekk frigjeve tippemidlar frå tidlegare prosjekt, den nye feltbanen, hadde vi allereie ordna både finansiering og bygging sjølv. Takka vera stor dugnadsinnsats hadde vi frie midlar i vår, fortel nestor og tidlegare formann i mange år, Steinar Eidsvik.

På ekstraordinær årsmøte i april i år blei det vedtatt å ta ei totalenovering og kjøp av nytt utstyr til 15-metersbanen.

Gjorde ære på laget og nyebanen

– Vi starta før sommaren, og etter ferien heldt vi fram med to dagar i veka. Etterkvart som prosjektet blei utvida til også å renovera opphaldsrommet utanfor, og innandørssesongen nærma seg, blei innsatsen utvida til jobbing nesten kvar dag, fortel Arild Røyseth.

Han er del av den store dugnadsgjengen, og imponert over lagkameratane sine på Os.

– Eg er tilflyttar, og har vore medlem i kort tid. Omtrent heile laget har vore i sving, folk er både ivrige og flinke, synest han.

Så fortalte han om banen, som er ny frå golv til tak, med 9 moderne skiver, kulefangarar som skil bly frå resten.

– I staden for å produsera farleg avfall, får vi bly som vi kan levera til gjenvinning og få pengar for.

Kulefangarane er meir presise, også etter lengre periode med bruk, ny belysning i både rom og på skiver er godkjente for konkurransar i tråd med nye krav.

– Os Skyttarlag er flinke til både å jobba og å bygga anlegg. Engasjementet og innsatsen gir ikkje berre gode sportslege resultat, det er viktig for rekrutteringa og for fritidsaktiviteten til mange unge og vaksne innbyggarar i Os, sa Tom Leonsen frå Os kommune.

Han overrekte ein bukett på vegne av kommunen før han blei invitert til å ligga side om side med æresmedlemmar og andre veteranar i det som var den offisielle opninga av banen.

Æresmedlem og veteranar, frå venstre på bildet i serien over; Oddbjørn Eide, Arne Døsen, Thorbjørn Klausen, Steinar Eidsvik, Else Eidsvik, Reidar Dale, Johannes Taule, Gunnvald Smaadal, Odd Gorm Hansen og Oddvar Drange.

Fleire saker