Brann og beredskap | 30. des. 2010

- Ver varsam

Brannsjef Stein Gjøsund oppmodar folk til å vera varsame med fyrverkeriet og minner om reglane.

- Ver varsam
Andris Hamretorsdag 30. des. 2010 12:01

Salet av fyrverkeri i Os har blitt skrenka inn til berre to dagar, mot tre tidlegare.

- Dette skuldast eit ønskje om å ha like reglar i Bergen og omlandskommunane, forklarar brannsjef Stein Gjøsund.

- Tilbakemeldinga frå forhandlarane har vore at dei synes det er heilt greit. Dei sel den same mengda uansett, seier Gjøsund.

Det er politivedtektene som regulerer kor tid du har lov til å senda opp fyrverkeri. I utgangspunktet er det eit totalforbod i Os, men lensmannen og brannsjefen har gjeve eit generelt amnesti frå kl 18.00 nyttårsaftan til kl 02.00 natt til første nyttårsdag.

Lite manglar
Torsdag, på første salsdag, var brannvesenet ute og kontrollerte dei forskjellige forhandlarane.

- Det har vore lite å påpeika. Alle har hatt dei nødvendige kursa og dokumentasjonen. Nokre stadar har slkkkeutstyr vore litt langt unna og ein stad måtte vi flytta litt på ein kontainer, fortel Anne Kjersti Storebø i Os Brannvesen.

Då midtsiden.no var med på kontroll hos Metro var alt i orden. I brosjyren oppdaga ho ei ny fjernstyrt tenningsmekanisme som skal gjera oppskytinga sikrare.

- Om denne virkar som omtala så er det eit veldig godt hjelpemiddel, meiner Storebø.

Ikkje inn i butikken
På Os er det 9 stadar du kan kjøpe fyrverkeri.

Brannsjefen minner om at fyrverkeri inneheld mykje sprengstoff. Han ber derfor folk om ikkje å kjøpa fyrverkeriet på veg inn i butikken.

- Anten må folk legga igjen fyrverkeriet i bilen, eller så bør dei kjøpa det på veg ut, slik at vi ikkje løper noko risiko inne i butikkane, seier Gjøsund.

To skrekkscenariar
Gjøsund har to scenarie han fryktar i samband med fyrverkeri. Det eine er at born får tak i det og at dei forsøker å tenna på det utan å ha kontroll. Det andre er vaksne som har drukke mykje alkohol skal bruka fyrverkeri på feil måte.

- Oppmodinga mi er klar - la edrue vaksne ta seg av fyrverkeriet, så kan dei andre stå på trygg avstand og nyta fargespelet og lydeffektane.

Det er i hovudsak auge- og brannskadar som er resultatet av feil eller uvettig bruk. Brannsjefen oppmodar difor den som skal tenna på om å førebu seg skikkeleg.

- Lag ei skikkeleg rampe, gjerne eit hardtrakka område i snøen som er flatt og stabilt slik at ikkje batteria veltar. Bruk òg vernebrillar slik at du har beskytta augene om uhellet er ute, avsluttar brannsjef Stein Gjøsund som ønskjer osingane ei flott og sikker feiring utan skader på personar eller bygningar.

Brannsjefen sine 10 fyrverkerireglar

  1. Førebu fyrverkerioppskytinga – bruk vernebrillar.
  2. Les bruksanvisningen nøye før bruk.
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.
  4. Syt for at fyrverkeriet ikkje kan velta.
  5. Bruk tennstav, sigarettglo eller lignande.
  6. Sitt på huk, tenn lunta med strak arm og fjern deg straks lengst mulig vekk.
  7. Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på.
  8. Ikkje tenn fyrverkeri på nytt om det ikkje tenner på første forsøk.
  9. Hald god avstand frå oppskytinga.
  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.