Næringsliv | 25. jan. 2015

Verdien av dei små turane

Han sel med hjartet, Tor Egil Myksvoll, som er på veg inn i nok eit rekordår for Bomobil AS.

Verdien av dei små turane
– Det gjer noko med familien når du tar deg ein tur i lag, uansett kor kort eller lang turen er, seier Tor Egil Myksvoll. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. jan. 2015 08:41

Bildeserie:

Pilote er nytt merke hos Bomobil. Her i ein av dei største bubilane i utstillinga. (Foto: KVB)
Pilote er nytt merke hos Bomobil. Her i ein av dei største bubilane i utstillinga. (Foto: KVB)
Mens dette er den minste, ganske romsleg den òg. (Foto: KVB)
Mens dette er den minste, ganske romsleg den òg. (Foto: KVB)
Både innandørs og utandørs har utstillinga vakse. (Foto: KVB)
Både innandørs og utandørs har utstillinga vakse. (Foto: KVB)
Denne mopeden er liten nok til å stå i bagasjerommet. (Foto: KVB)
Denne mopeden er liten nok til å stå i bagasjerommet. (Foto: KVB)
Ein bubil for by, smalare og lettare å ta med gjennom tronge gater. (Foto: KVB)
Ein bubil for by, smalare og lettare å ta med gjennom tronge gater. (Foto: KVB)
1 av 5

– Det gjer noko med familien når du går inn i ei hytte, ein turbåt eller ein bubil. Heime er det plikter, oppussingsprosjekt og folk som kjem på besøk, i bubilen er det berre oss, seier Tor Egil.

Han var ein ivrig campingturist før han i 2011 etablerte Bomobil og rigga opp butikk i Industrivegen.

Og han er framleis glad i å setja seg i bubilen med kona og ungane, som er 7 og 11 år gamle.

– Det er ikkje så mange småbarnsforeldre blant kundane våre, men mange besteforeldre. Eg håper dei er flinke til å ta barnebarna med på tur, eller at dei er rause og låner vekk bubilen om dei har vaksne ungar sjølv.

– Helgene får ein annan verdi når du tar deg ein tur enn om du går heime og småjobbar i hus og hage. Du skal ha tid til vedlikehald og du skal lata ungane leika med venar i heime i gata, men slike småturar knyter familien saman på ein heilt eigen måte.

Rekordstart på 2015

Det første året passerte han 7 millionar kroner i omsetnad, året etter, i 2012, blei det ei dobling. I 2013 var Bomobil på 16. plass (sjå topp 100-lista) i vekst i Os med 9,2 millionar kroner i auke.

– 2014 blei ganske lik 2013, men vi brukte ein del pengar, blant anna på reise til nye leverandørar i Sverige og Frankrike, så overskotet er nok ikkje det same.

Turane ser likevel ut til å gje resultat allereie, dei nye merka, Adria og Pilote, sel allereie godt.

– På dei to første vekene i januar har vi selt 10 bubilar og 1 campingvogn. Til samanlikning brukte vi fram til påske på å selja 7 bubilar i 2012, fortel Myksvoll.

Samla sett selte han 55 bubilar i 2014, noko som er fleire enn i 2013, men brukte bubilar i kommisjon ugjer ein større del av fjorårsomsetnaden.

Meir utleige

Tor Egil er nøgd med plasseringa på butikken, utstillinga og eksponeringa mot E39 og det som skal bli tunnelinnslag på den nye vegen til Bergen. Men marknaden går langt ut over kommunegrensa.

– Vi selte kanskje fem bilar til osingar i fjor, resten kom frå andre stadar. Vi har mange kundar frå Bergen, men også frå nabofylka.

Nokre vel bubil, dei fleste i prisklassen rundt 700.000 kroner, andre vel campingvogn, som er langt rimelegare.

– Dei som aldri har hatt bubil før vil gjerne prøve før dei kjøper. I fjor hadde vi fullt belegg på den eine vi har for utleige, i år auka vi til to nye bubilar som vi leiger vekk.

Med motorsykkel i bagasjerommet

Saman med auka utval av bubil og camping har butikken fått fulle hyller med ulikt utstyr.

– Det har blitt litt samlingsplass her oppe, spesielt om laurdagane. Det er veldig hyggeleg når kundar stikk innom berre for å slå av ein prat eller kjøpa litt utstyr, seier Tor Egil, og viser fram eit kompakt og stilig ekstrautstyr: ein moped.

– Den er lett å trilla inn i bagasjerommet på bubilen og fin å ha om du skal ha ein rask tur på butikken mens bubiler står parkert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.