Sport | 07. sep. 2015

Verdsmeister besøker Kjør for livet-klubben

Freestylekjørar André Villa kjem til Os i dag.

Verdsmeister besøker Kjør for livet-klubben
André Villa. (Foto: andrevilla.com)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. sep. 2015 11:35

Besøka av André Villa (fødd i Lillehammer, bur i Torreviej i Spania) blei premien då Kjør for livet-klubben i Os i fjor vann ein teambuilding-konkurranse.

– Vi ville i utgangspunktet spara på besøket til opninga av den nye banen, men krav om nye støymålingar gjer at den er forseinka, så no slo vi til, seier teamleiar Jane Espeland.

Det blir ikkje noko show med Villa, men han skal møta ungdomane og kjøra saman med dei.

– Banen vår er ikkje god nok til å kjøra noko show, men det blir spesielt å sjå han kjøra i Os uansett.

Sug i magen

Espeland fortel at dei som kanskje gler seg mest til å møta Villa er dei aktive kjørarane i Os MC & MX klubb.

– Dei som kjører aktivt er jo meir klar over kor stor stjerne Villa er, men dei må venta til klokka 18 med å møta han. Først er det Kjør for livet-medlemmane frå rundt klokka 16.30, så opnar vi for resten av motocrosskjørarane.

– Eg skal sjølv saman med vegleiar Kalle Pettersen til Flesland for å henta han, og eg har hatt sug i magen i heile dag, innrømmer Jane.

Viktig arbeid for ungdomen

– Sidan oppstarten i 2012 har Kjør for livet klubb #7, Os, opplevd eit fantastisk og verdifull engasjement frå Os kommune, ikkje minst ved ordførar Terje Søviknes og kommunen sitt Meistringsteam, seier Arvid Nesse, regionsleiar på Vestlandet.

Les òg: Første som vinn to gongar

– I tillegg har lærarar og leiing ved Os ungdomsskule og Nore Neset ungdomsskule hjelpt sterkt til at flotte ungdomar opplever ein god meistringsarena.

Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.