Sverre etter den historiske 5000-meteren i Inzell tidlegare i februar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Verdsmeister Sverre klar for nytt VM

Sånn kan du følgja VM allround i Calgary.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I starten på februar tok Fana-løparen Sverre Lunde Pedersen frå Os tre medaljar i VM enkeltdistansar i tyske Inzell; gull, banerekord og ny, norsk rekord på 5000 meter og sølv i lagtempo og på 1500 meter.

Sverre blei historisk, og fekk helsingar og gratulasjonar frå både kong Harald, statsminister Solberg, ordførar Søviknes, andre idrettsstjerner, som Sjur Røthe og Bjørn Tore Taranger, og ei rekkje nederlendarar.

Laurdag startar VM allround i Olympic Oval, 1.105 meter over havet i Calgary i Canada.

• Videointervju: Sverre om VM og «rask is» i SakkoSekkStudio

I VM allround i fjor var Sverre suveren fram til 10.000 meter. Drygt 6.000 meter ut i siste distanse hekta han skøyta i isen, ramla, reiste seg, slo Sven Kramer og sikra sølvet. – Så bittert som du får det, sa Sverre etter løpet.

No er han tilbake, meir skjerpa og sterkare enn nokon gong, klar til å kjempa om nok ein VM-tittel, sitt første i allround.

NRK2 sender frå Calgary.

Her er sendeskjema for herredistansane:
Laurdag 20.25: 500 meter
Laurdag 22.20: 5000 meter
Søndag 20.50: 1500 meter
Søndag 22.25: 10.000 meter

Kvinner 500 meter går på NRK2 laurdag kl 20.05, 3000 meter kl 22.00, 1500 meter søndag 20.20 og 5000 meter kl 21.45.

Noreg stiller med fem utøvarar

Sverre er del av ein landslagstropp på berre fem utøvarar; Ida Njåtun, Ragne Wiklund, Håvard Bøkko, Sindre Henriksen og Sverre Lunde Pedersen har vore på plass i Calgary i nesten to veker.

Det norske landslaget har vore på plass i Calgary i snart to veker.

– Sverre er kanskje den største favoritten, men det er ein tøff kamp, der minst eit par nederlendarar vil vera med på å gi Sverre god motstand, seier Lasse Sætre, fungerande generalsekretær og sport- og utviklingssjef i Norges Skøyteforbund.

– Det er òg godt å kunna melda at Ida Njåtun er frisk igjen og klar for ein ny meisterskap. I tillegg gler vi oss til å sjå kva vår nybakte juniorverdsmeister på 3000-meter, Ragne Wiklund, kan levera på den raske isen i Calgary, seier Sætre.

• Midtsiden samleside: Skøyter

Fleire saker