Kultur | 22. nov. 2012

Verdsstjerne til Os

Førstkomande fredag kjem BFO til Os. Med seg har dei ei ung norsk verdsstjerne.

Verdsstjerne til Os
Vilde Frang (Foto: Marco Borggreve)
Kari M. Lyssandtorsdag 22. nov. 2012 11:55

Bergen Filharmoniske Orkester har gjort tradisjon av å ha konsert i Oseana kvart semester, denne hausten er inga unntak.

Speler med dei store

Denne gongen har dei med seg den verdskjente norske fiolinisten Vilde Frang. Sjølv om ho berre er 25 år har Vilde allereie spelt med fleire av dei store symfoniorkestra i verda, blant anna London Philharmonic Orchestra.

Ho har vore nominert til fleire prisar, og blant anna vunne prisen for beste nykomar på Classic BRIT Awards i 2010.

Frang byrja å spela fiolin som fireåring og i ein alder av ti år debuterte ho som solist for Kringkastingsorkesteret. Sidan har det gått slag i slag.

Gjesta Skavlan

Fiolin har ikkje vore det einaste Frang har vore tidleg ute med. Ho byrja å lesa då ho var tre og som åtteåring gjekk det i Ibsen og Shakespeare.

Dette fortalde Frang då ho gjesta NRK-programmet Skavlan tidlegare i haust, saman med Bjørn Ulvaeus og The Killers. Der fortalte ho og at ho alltid har mislikt å bli stempla som vidunderborn, då ho meiner at alle born er eit vidunder.

Midtbø introduserar

Før konserten til BFO vert det introduksjonar av kommunalsjef Karl Ole Midtbø der han fortel om programmet, solistane og orkesteret.

Klikk her for å sjå meir av Vilde Frang:

Vilde Frang på Skavlan

Vilde Frang videobiografi

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.