Dei har ikkje vore heldige med vêret, familien frå Lekven som for første gong er på ferie i Bulgaria.
– Vi har hatt to timar sol sidan vi kom måndag. Men etter uvêret som kom i går er dette bagatellar, det er trist å høyra kor gale det har gått i nabobyen, seier Karina Lekven.
Ho og ektemannen Bjørnar er på ferie i eit nytt resort i Balchik, litt nord for Varna. Eit voldsomt regnvêr øydela i går fleire vegar og bygningar i området.
Hotell raste ut i sjøen
Det var etter nokre dagar med moderat regn at det i går braka laus.
– Det var ein kort periode med opphald i regnvêret før det på ettermiddagen i går lynte og tordna noko voldsomt. Så kom fire timar med styrtregn.
– Vi tenkte ikkje så mykje over det, men folk som bur her oppførte seg som om dei aldri har sett slikt vêr før, dei var heilt sjokkerte.
Bygningsmassen i området var tydelegvis heller ikkje førebudd. Eitt hotell har rast saman, eit anna har segla ut i sjøen.
– Hotellet var heldigvis ikkje opna enno, så det var tomt for folk. Men minst tolv personar er ifølgje lokale media, av ulike årsakar, omkomen i uvêret.
Stengte vegar
Karina fortel elles om ei strand full av spor etter rennande vatn, om overfylte og skitne basseng og om halv bemanning på hotellet.
– Mange vegar er rast ut og folk kjem seg ikkje på jobb eller til og frå flyplassen. Men akkurat no er det fønvind, litt kraftig vind, og opphaldsvêr.
– Vi får håpa at det er over no, at det tørkar raskt og at arbeidet med å få infrastrukturen på plass går fint.