Vert det månelanding i Oseana?
Os skulekorps med ambisiøs plan for søndagens konsert i Oseana. Du er invitert med på ei episk reise!
Bildeserie:
På søndag kan du vera med Os skulekorps til verdsrommet. Og tilbake.
– Vi tek publikum med på ein rundtur i verdsrommet, fortel dirigent Marius Fevang Thorstensen. Reint musikalsk då altså, er dirigenten kjapp til å skyta inn.
– I tillegg har vi med oss dansarar frå Os kulturskule, og vi kjem til å køyra mykje film i bakgrunnen for å forsterka opplevinga.
Episk musikk
– Kva er verdsrommusikk, eller månemusikk om du vil, og korleis får ein dette til å passa inn i korpsformat?
– Vi har funne utruleg mykje kul musikk som vi kjem til å spela på søndag seier Fevang Thorstensen.
– Skal eg beskriva musikken med ord, må eg heilt klart seia at den er episk og har nerve.
– Det vert ikkje tur til Mars for å leita etter liv med David Bowie denne gongen, men det vert eit besøk der saman med Gustav Holst og «Mars, The Bringer Of War» frå 1914.
– Vi skal sjølvsagt òg ha med oss noko frå ein av dei største filmkomponistane i vår tid, John Williams. Williams er nok for dei fleste kjent som mannen bak musikken til «Star Wars».
Os skulekorps vil òg tonesetja turen til verdsrommet med musikk frå filmar som «Gravity», «Transformers» og «Hunger Games».
Dirigent Fevang Thorstensen vil ikkje røpa om det vert vektlaus dansing å sjå under søndagens episke reise.
Rett opp med Os skulekorps
– De har levert gode konkurranseresultat dei siste åra, og de har spelt dykk opp i divisjonane. Kva er målet, og kva er oppskrifta?
– Eg opplever at meg og dei unge musikantane i Os skulekorps verkeleg trivst i vakuum og vektlaus tilstand om dagen, seier ein lattermild Fevang Thorstensen.
– Men jo, det stemmer at det går bra for Os skulekorps i 2018.
– Vi har ikkje noko overordna mål, men vi er samd om ein enkel filosofi; vi skal alltid spela betre enn sist, og vi skal gje lyttarane gåsehud, same om dei er dommarar eller nokon vi kjenner.
– På søndag stiller vi med 40(!) unge musikantar i hovudkorpset. Vi ser no tydelege resultat av rekrutteringsarbeidet vi starta for 3 år sidan.
– Samstundes opplev vi ungdommar som aktivt ønskjer seg inn i Os skulekorps. Desse er gjerne «berre på besøk» i Os i ein periode grunna skule, men det er stas at Os skulekorps no er ein attraktiv stad å øva og å spela, seier ein tydeleg stolt dirigent.
Både juniorkorpset og aspirantkorpset til Os skulekorps tek del i søndagens konsert.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.