Lokal | 20. apr. 2010

Vestlandsfanden til Os

18. september er det klart for ny storkonsert på Os. Vestlandsfanden kjem til Nore Neset.

Vestlandsfanden til Os
Gjesttirsdag 20. apr. 2010 13:51

Vestlandsfanden feirar 30 årsjubileum og legg turen innom Os. Slik det ser ut i dag blir det den einaste konserten i Bergensregionen i 2010. Dei spelar i Nore Neset Aktivitetshus laurdag 18. september.

30 år på vegen
Vestlandsfanden har turnert samanhengande siden starten i 1980. Alle typar stader og byar har fått vitjing, gjerne meir enn ein gong, og no er det tredje generasjon som kjem på konsertane.

Spelemenn
Dei er spelemenn i ordets rette forstand og hentar inspirasjon frå irsk, skotsk, amerikansk og nordisk tradisjon. Vestlandsfanden står for ein særegen norskspråkleg låtskrivartradisjon og er norsk folk-rock, country-rock på sitt beste, meldar arrangørane i ei pressemelding.

Dei kom i fjor ut med den trettande plata si då dei lanserte "Tipping og Trygd", ein kritikerrost CD med fleire femmarar på terningen.

Informasjon om billettsal m.v. vil koma under Nore Neset Aktivitetshus på Tavlo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.