Sport | 25. sep. 2017

Vestlandsmeister i to klassar

Mattias Eide (13) hadde knapt behov for å stilla opp i siste runde.

Vestlandsmeister i to klassar
Mattias tok 1. plass, Daniel (t.h.) frå Os fekk 5. plass samanlagt i vestlandsmeisterskapen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. sep. 2017 07:45

Bildeserie:

Det gjekk så sanden fauk på Elgane sør for Stavanger.
Det gjekk så sanden fauk på Elgane sør for Stavanger.
Mattias fekk mykje å jubla for.
Mattias fekk mykje å jubla for.
Han blei vestlandsmeister i to klassar.
Han blei vestlandsmeister i to klassar.
1 av 3
Det gjekk så sanden fauk på Elgane sør for Stavanger.
Mattias fekk mykje å jubla for.
Han blei vestlandsmeister i to klassar.

Mattias Eide frå Os MC & MX Klubb, og medlem av Kenneth Gundersen MX Team, har vore klart best i vestlandsmeisterskapen i år.

– Den eine klassen er uvida, så det har vore tøft, med mange gode motstandarar, seier Mattias til Midtsiden.

Han har deltatt i to klassar i MX 85 (85 kubikk), gutar 13-15 år og gutar 11-15 år.

– Sjølv om det er fleire yngre med i 11-15 er det òg mange gode blant dei yngre, så denne klassen har vore hardast, synest eg.

Solid leiing før siste runde

I dei tre første rundane av vestlandsmeisterskapen er det berre eitt eller to heat han ikkje har vunne.

Før fjerde og siste vestlandsmeisterskap, som gjekk på Elgane Motorsportarena på Jæren i helga, låg han sånn an:

11 - 15 år: Leia med 26 poeng
13 - 15 år: Leia med 50 poeng

Laurdag køyrde han 11 til 15 år. Med siger så sikra han førsteplassen og tittelen med god margin.

Søndag tok han 2. plass i første heat og leia andre heat, men blei forbikøyrd og ramla. Etter velten køyrde han seg opp til 7. plass og tok 4. plass totalt for dagen.

Denne klassen leia han med så mange poeng at han ikkje hadde trengt å delta, så 4. plass blei meir enn nok.

I vestlandsmeisterskapen samanlagt blir det òg gjeve pokal til 4. og 5. plass. På 5. plass kom Daniel van Wyk, også han frå Os.

Med mål om EM-rundar

Mattias har køyrd motocross sidan han var 4,5 år. Då han var 10 år gjekk han opp til 85 kubikk, i fjor blei han vestlandsmeister i klassen 11 til 12 år.

– Det varierer litt kor ofte eg trener, ut frå kva foreldra mine har tid til av køyring. Vanlegvis blir det to økter i veka, og styrketrening og handball utanom, fortel 13-åringen.

Det siste halvanna året har han vore del av Kenneth Gundersen MX Team, og blant anna vore med teamet på treningsleir i Spania.

– Eg har mål om å bli topp fem i Noreg. Neste år blir det vestlandsmeisterskapen eller Østlands Cup, i tillegg håper eg å få køyrd nokre EM-rundar.

Utstyr og reising kostar pengar, men unge Eide har allereie byrja å få sponsorar.

– Eg er veldig takksam for at Uniprotect har stilt opp for meg, men vil før neste sesong gå ut og sjå om eg kan få endå fleire sponsorar, seier den talentfulle motocrosskøyraren frå Hegglandsdalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.