Veteranen og stjerneskotet
Fredag 21. mars blir det dobbel dose visesong når Jan Eggum og Daniel Kvammen besøker Os.
Med seg har nemleg Eggum det nye stjerneskotet på visesangerhimmelen Daniel Kvammen frå Geilo.
– Definitivt meir enn ein hype, skriv Silje Strømmen på Gaffa.no etter Kvammen sin opptreden på By:Larm i februar.
– Daniel Kvammen er potensielt ein av Noregs nye store visesangarar. Forbilda Neil Young og Stein Torleif Bjella er klart til stades både i tekst, framføring og komposisjon, men Kvammen klarer å skinne igjennom som noko heilt eige.
Det nye stjerneskotet startar konserten i Oseana som oppvarming før visegeneral og veteran Jan Eggum entrar scenen.
Kinoaktuell Eggum
Jan Eggum vitja Oseana saman med (gitar)kamerat Halvdan Sivertsen for vel to år sidan. Saman selde dei to fulle saler. I desse dager er dei to kameratane igjen aktuelle med filmen "Ta meg med" som hadde premiere sist helg. Filmen baserar seg på dei to visesangarane sine produksjonar gjennom ei lang karriere og har høsta mykje godord.
– Denne gongen kjem Jan Eggum aleine på scena med to gitarar og mange strengar å spele på, seier arrangementssjef Berit Steen.
Eggum treng knapt nok nærare introduksjon. Etter over 40 år på scena og i rampelyset har Jan Eggum befesta seg som ein av Noregs beste og mest kjære låtskrivarar, med ei rekkje songar som har gått inn i den norske folkesjela.
Det store gjennombrotet kom i 1977 med plata «Heksedans». Sidan dette har pila berre peika ein veg – oppover. Han kan vise til seks Spellemannsprisar, både som soloartist og saman med Gitarkameratene, med sjølvaste Hedersprisen i 2011, og i 2012 vart han innlemma i Rockheim Hall of Fame.