Lokal | 03. okt. 2014

– Vi bør få til eit spleiselag

Bergen kommune inviterer til ordførarmøte for å diskutera veterinærvakt. – Vi er positive til interkommunalt samarbeid, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Vi bør få til eit spleiselag
Ein hest som får hjelp ved Osøyro Dyreklinikk. (Ill. foto: Kari M. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. okt. 2014 15:04

Onsdag gjekk avtalen Bergen kommune hadde om utvida vakt med ni veterinærkontor, blant dei Osøyro Dyreklinikk.

Les òg: Slutt for dyrlegevakta

Årsaka er at Landbruks- og matdepartementet kutta støtta med verknad frå 1. juli i år.

For Bergen og bergensområdet utgjorde dette 720.000 kroner årleg, men Bergen kommune vidareførte støtta fram til 1. oktober.

Utvida støtte og invitasjon til møte

– Etter møte med representantar frå smådyrvakten og storbyvakten i går ettermiddag valte kommunen å vidareføra støtta fram til 1. november 2014, skriv Helge Stormoen, byråd for kultur, næring, idrett og kirke i Bergen, i eit brev til ordførarane i Os, Fjell, Askøy, Øygarden, Sund og Osterøy.

Brevet er ein invitasjon til møtepå Bergen Rådhus 14. oktober.

– Målet med møtet er å få til ei langsiktig løysing på problemstillinga, står det i invitasjonen.

Os er positive

Ordførar i Os, Terje Søviknes, seier han er innstilt på på at Os kommune bør gå for eit spleiselag.

– Det er sjølvsagt at vi i kommunane skal følgja opp lovkravet om å sikra ei tilfredsstillande veterinærvakt, seier Søviknes.

Os formannskap vil få saka til behandling 16.oktober med ei positiv innstilling om at Os kommune går inn i eit interkommunalt samarbeid om dette tilbodet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.