Sport | 19. aug. 2012

– Vi er i rute

Os tapte for Fana i semifinalen i opningscupen. - Vi har fått prøvd på mykje av det vi øvar på på trening. Eg er nøgd, seier Ostrenaren.

– Vi er i rute
Marte Øvreeide, Vibeke Ingebrigtsen og Marte Haugsdal får skryt av Ostrenar Erlend Lyssand (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 19. aug. 2012 17:16

For ei veke sidan var damelaget til Os Turn på treningsleir i Montenegro. I helga var det duka for dei første kampane.

- Opningscupen er ein del av oppkøyringa fram mot sesongstart og NM-kampen mot Sola 5. september.

- Vi stilte med både 2. og 3. divisjonslaget i cupen, så det blei mykje speletid på alle spelarane, fortel Ostrenar Erlend Lyssand.

Rufsete start

Turneringas første kamp for 2. divisjonsdamene var mot 3. divisjonslaget Dale.

- Vi ser det er den første kampen på denne sida av sommaren. Starten blir rufsete, men etterkvart løsnar det for jentene.

Etter at dei to laga har følgt kvarandre i starten av kampen visar divisjonsforskjellen seg og Os rykkar frå og vinn greitt 21-12.

Marte viste seg fram (1)

Mot 1. divisjonslaget Fana blei det tøffare. Fana var suverene i fjorårets sesong i 2. divisjon og rykka opp etter kvalifisering i vår.

- Vi speler ein bra kamp. Vi kjem bakpå, men spelar oss inn att i kampen og lykkast med det vi har øvd på dei siste vekene.

Lyssand bruker heile spelargruppa i oppgjeret mot Fana, mellomanna får tre 16 åringar prøva seg.

- Ekstra kjekt er det å sjå heimvente Marte Øvreeide. Ho er ein sterk og taklingsvillig spelar vi skal få mykje glede av gjennom sesongen, slår Lyssand fast.

Kampen endar med 19-21 tap for handballdamene frå Os.

God kontroll på divisjonskollegaene

I dei to neste kampane møtte Os Fyllingen og Åsane som båe er motstandarar i 2. divisjon når sesongen kastas igang igjen. Fyllingen er tippa som eit av topplaga den komande sesongen, medan Åsane er nyopprykka frå 3. divisjon.

- Vi gjer ein grei kamp mot Fyllingen. Det er jamnt fram til omlag midt i 2. omgangen før vi rykkar frå og vinn 18-13.

- Mot Åsane spelar vi den beste omgangen i turneringa og leiar med 10 mål.

- Vibeke Ingebrigtsen stenger målet og vingane løper så vi kontrar dei i senk denne perioda.

- I andre omgangen roar vi noko ned og let Åsane komma meir inn i kampen slik at det til slut blir ein 24-17-siger.

Marte viste seg fram (2)

Gjennom heile turneringa er det ei ungjente som har imponert Ostrenaren.

- Marte Haugsdal (16) kjem opp frå 16-årslaget og speler som om ho har spelt seniorhandball i mange år.

- I semifinalen mot det andre Fanalaget viser ho igjen kva som bur i seg både framover og bakover på banen, skryt Lyssand.

Kampen mot Fana endar med 12-19-tap etter ein god forsvarskamp, men svak angrepskamp.

- Vi har nok avslutningar til å spele likt med Fana, men rotar for mykje i kontra, skyt utanfor og blir for feige kor vi blir gåande på tvers i staden for rett på mål.

Tidvis veldig bra

3. divisjonslaget ryk ut av turneringa etter to sigrar og tre tap.

- I perioder gjer dei tinga sine veldig bra, men samstundes avslørar kampane at det er eindel ting vi må retta på før sesongstart, avsluttar Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.