Nummer to ut i kveldens delfinale i Melodi Grand Prix var Skanksters, med osingane Tom Brekke på vokal og Knut Fjellvang på tangentar. Framføringa av «Life is here today» såg ut til å gå knirkefritt, men bandet måtte til slutt sjå seg slått av Alexander Stenerud og Maria Arredondo.
- Vi er nøgd uansett. Vi har fått vist oss fram og kanskje fått nokre nye fans. Dette har vore utruleg kjekt å vera med på, seier Knut til Midtsiden.no.
Les òg:
Med MGP-sug i magen
- Skanksters opererer i ein smal sjanger, noko som ikkje aukar sjansane våre i denne harde konkurransen. Men vi gleder oss på vegne av hordalendingen Heine Totland, legg han til.
Totland gjekk vidare til Sistesjanse saman med Venke Knutson.
- Det var nokre hektiske dagar fram til no. Vi har hatt det veldig kjekt saman, både oss i bandet og saman med nye folk vi har blitt kjent med. No skal vi sørgja for å vinna festen, seier Fjellvang.
Kultur | 16. jan. 2010
- Vi er nøgd uansett!
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. jan. 2010 20:57
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.