Karsten Røttingen (t.v.) og John Ole Johannessen tar ein pause i sola, etter at den siste dugnadsgjengen fredag blei dimittert. (Foto: KVB)

392 stolar montert på to ettermiddagar

 «Ny» tribune klar for kamp mot Fyllingsdalen laurdag.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I slutten av april var John Ole Johannessen og Karsten Røttingen til Ullevaal for å henta 400 stolar til Os Fotball, i løpet av to ettermiddagar er alle monterte.

Dei to faste dugnadskameratane fekk selskap av to nevenyttige arbeidslag.

– Medlemmar med skrumaskin blei invitert. I går dukka det opp 8, i noko finare vêr i dag hadde vi 6 stykker med oss. To passelege gjengar som jobba uventa fort!

– Dei fekk vater, skruer og kvar si rekke å montera, og så gjekk det unna. Vi hadde varsla dugnad i morgon òg, men den har vi avlyst, fortel «prosjektsjefane».

Stolane har nummer frå 800 til 1000, så det er fleire med same nummer, og dei står ikkje sorterte i rekkefølge. 

Elddåp mot Fyllingsdalen i morgon

Dei første stolrekkene fekk elddåpen sin i går, då gutar 19 Os 2 snudde 0-3 til 4-3 over Sotra 2.

I morgon tar A-laget imot Fyllingsdalen (kampstart kl 16).

Huseklepp og resten av Fyllingsdalen har tatt 3 poeng på 4 kampar, Os har tatt 6.

Fleire saker