– Vi har det ikkje travelt
Det tidlegare legevakt-lokalet i Røde Kors-huset står framleis ledig. Men i 90 prosent av huset er det full aktivitet.
I august flytta Os legevakt ut av Røde Kors-huset i Kolskogen og inn i mellombels lokale i Os Næringspark. I desember står den nye brannstasjonen på Moberg klar, med nytt lokale for legevakta.
Førre legevaktlokale står framleis ledig.
– Det har for vår del vore stille i leigemarknaden i haust. Berre éin har vist interesse, det var ein frisør som ville leiga delar av lokalet, men det var ikkje aktuelt for oss, seier styreleiar i Os Røde Kors Eiendom AS, Kristian Strønen.
No er annonsen tatt av lufta, men lokalet er framleis ledig og skal annonserast igjen etter jul.
– Vi ønskjer sjølvsagt å få inn leigetakar, men det er ikkje avgjerande for økonomien vår, det er full aktivitet i resten av huset.
Det tidlegare legevakt-lokalet utgjer omtrent 10 prosent av totalarealet i bygget.
– Godt forhold til kommunen
Legevakta var i utgangspunktet teikna større av arbeidsgruppa som planla lokalet i Røde Kors-huset, men den gong var ikkje legevakta døgnopen, berre frå klokka 17 til 23.
Administrasjonen krympa lokalet frå 150 til under 100 kvadratmeter, men behovet for utviding kom raskt.
Les òg: Legevakt i brannstasjonen (lesarbrev av Kristian Strønen)
Leigekontrakten med Os kommune gjekk ut i august, med rett til fornying i 5 år. Os kommune ønskja berre å forlenga kontrakten fram til flytting i desember/januar, men sånn blei det ikkje.
– Vi sa ja mot at Os kommune garanterte for leiga fram til juli 2013, dersom vi ikkje fekk inn ne leietakar i løpet av 6 månedar. Årsaken var at ei slik løysing gjorde det vanskelegare for oss å annonsera lokala ledig, og at januar erfaringsmessig er eit vanskeleg tidspunkt for utleige av næringslokale.
– Vi meinte derfor at det var rimeleg at kommunen var med på å redusera risikoen då dei slapp ein ny 5-års leigeperiode. Kostnaden for kommunen ville vera maksimalt cirka 60.000 kroner, og dei hadde spart seg kostnadane med den midlertidige flyttinga.
– Kommunen takka nei til dette, men vi har godt forhold til både kommunen og legevakta. Vi forstår at dei hadde behov for utviding og ønskjer dei lykke til i den flotte, nye brannstasjonen.
Lege eller massasje?
Legevaktlokalet består av venterom, to toalett, to kontor, eit større behandlingsrom, eit lager og ein større gang i indre del av bygningen.
I tillegg høyrer det med eit "hotellrom" i 2. etasje, eit lite husvære med bad og kjøkken som tilreisande legar har brukt.
Samla ledig areal er 93 kvadratmeter (brutto).
– Lokalet er skreddarsydd for helseforetak og vil naturlegvis eigna seg godt som kontor for lege, tannlege, fysioterapeut eller kiropraktor.
– Men det finnest også mange innan alternativ medisin, massasje, spa og pleie, som kan vera potensielle leigetakarar, trur styreleiaren.
Ambulanse og skule
Huset har eit bruttoareal på til saman 965 kvadratmeter over to etasjar.
Os Røde Kors har eige klubblokale med kontor, møterom, møtesal og depot i huset.
Helse Bergen leiger både garasje og opphaldsrom, soverom og trimrom til ambulansetenesta, Os vidaregåande skule (Hordaland fylkeskommune) leiger undervisningrom og kontor.
Fyller fem år
Denne månaden er det fem år sidan Thorvald Stoltenberg opna Os Røde Kors sitt hus i Kolskogen. Huset er eigd av Os Røde Kors Eiendom AS, Os Røde Kors eig alle aksjane i selskapet.
– Då ambulansetenesta vår, med bilar og utstyr, blei overtatt og kjøpt av Helse Bergen, fekk vi eigenkapital til huset, fortel Strønen.
Førre lokale, den gamle legebustaden på Giskavollen (som blei brent ned i oktober 2010), var ikkje eigna lenger. Os Røde Kors hadde ambulansekjøring i både Fusa, Samnanger, Austevoll og Osterøy då Helse Bergen overtok.