Fotball | 24. juli 2012

– Vi har skumle hensikter

Gutane til Os går for topp 8-plassering i Norway Cup. I morgon reiser den store stallen til Nesbyen for siste finpuss før cupstart.

– Vi har skumle hensikter
Os G16 i sving på Kuventræ søndag. I morgon reiser 43 av dei 47 som deltar I Norway Cup på treningsleir i Nesbyen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 24. juli 2012 11:45

Os Turn fotball stiller med seks lag i årets Norway Cup. For første gong på mange år får også smågute- og småjentelaget (14-åringane) delta i cupen der Os dei siste åra berre har stilt med spelarar frå 15 år og opp til og med junior.

Gutelaget til Os stiller ekstra sterkt, med heile 47 spelarar fordelt å tre lag. Os 3 er eit reint 97-lag, altså førsteårsgutar, medan 96-kullet er delt i eit førstelag og eit andrelag.

– Vi har ein sterk og skadefri tropp og vi har skumle hensikter, innrømmer trenar Bjørn Mjelva.

Norway Cup startar med innleiande kampar søndag til og med tysdag. Onsdag startar sluttspelet, laurdag går finalane.

Topp 8 av 208?

– Målet er at vi skal spela minst éin kamp på fredag, altså kvartfinale eller betre, seier Mjelva.

Det er 208 lag påmeldt i guteklassen, delt i heile 52 puljer.

– Vi har hatt oppkjøring sidan 1. juni, då auka vi treningsmengda og brydde oss mindre om serien.

Os sitt førstelag, som blei krinsmeistrar i fjor, ville vunne vårserien i 1. divisjon om dei ikkje gjekk på eit unødvendig tap for Tertnes i siste runde før ferien. I staden blei det 4. plass 2 poeng bak Fyllingsdalen på 1. plass.

6 økter i Nesbyen

For 3. året på rad reiser spelarar frå Os til Nesbyen for siste førebuingar før Norway Cup.

– Vi reiser frå Kuventræ klokka 10 onsdag og har første trening klokka 18. Så blir det to økter torsdag, to fredag og ei morgonøkt laurdag før avreise til Oslo.

I Nesbyen disponerer Os ein stor idrettshall, som dei overnattar i, og to grasbanar og ein kunstgrasbane som dei trenar på.

– No har vi hatt lange, gode økter i helga og nokre økter i veka. Med siste finpuss desse dagane fram mot cupstart skal alle ha fått ferien godt ut av kroppen, meiner Mjelva.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.