Lokal | 06. des. 2020

– Vi høyrde eit smell, så sto flammane opp av bilen

Køar på E39 Osveien etter at bil tok fyr.

– Vi høyrde eit smell, så sto flammane opp av bilen
Bilen skal ha stått med nødblink på før det kom eit smell og mykje flammar. (Lesarbilde, foto: Evy Renate Fyllingen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 06. des. 2020 19:04

Ein bil tok fyr på E39 Osveien søndag kveld.

Bilen tok fyr litt før klokka 18.40.

– Vi hamna i kø, og såg ein bil lengre framme med nødblink på. Så høyrde vi eit stor smell, og flammane sto opp frå bilen, fortel vitnet Evy Renate Fyllingen.

Brannvesenet og politiet kom askt til staden. 110-sentraen meldte brannen sløkt i 18.50-tida.

Det er ikkje rapportert om personskade.

Det er i skrivande stund kø i begge retningar langs mesteparten av Kalandsvatnet, men manuell dirigering på staden, og noko rørsle i trafikken.

Det er køar begge retningar, men politiet kom raskt i gang med dirigering. (Foto: ERF)
Det er køar begge retningar, men politiet kom raskt i gang med dirigering. (Foto: ERF)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.