Kultur | 18. sep. 2009

- Vi kjører skinn!

Frode Vidars og juniortrenar Øyvind Steffensen sitt band Scala er klare for å varma opp publikum til Vassendgutane fredag kveld.

- Vi kjører skinn!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. sep. 2009 12:19

- Vi kjem nok til å spela omtrent alle låtane på albumet i kveld, seier Frode Sirevåg frå Frode Vidars.

Bandet som blei starta nærmast på spøk ein sundagskveld i fjor haust, gav ut sin første singel allereie tre-fire dagar seinare. Året etter skal dei varma opp for Vassendgutane i Oshallen.

- Det går nok fint, berre vi hugsar tekstane og Vidar si litt småsjuke stemme held heilt inn.

- Vi må nesten spørja, har du kjøpt deg cowboyhatt?

- Nei, eg fann ingen raude cowboyhattar i skinn, så då droppa vi det. Vi må vera trufaste til dansebandstilen, vi kjører skinn, veit du.

Steffensen med vokalistar frå Os
Øyvind Steffensen sitt band Scala har spelt for stort publikum før, blant anna for 390 under ein dansegalla i Bjørnarhallen i romjula i fjor.

- Vi er eigentleg berre fem barndomsvenar som byrja øva saman for fem år sidan. Men etter å ha spelt litt for venar og kjente fekk vi ein del førespurnadar frå hotell og andre som ville ha LIVE-musikk, seier Øyvind.

Scala skal spela både før og etter Frode Vidars i kveld, og går på scenen rundt klokka 20. Dei syng coverlåtar av blant andre The Eagles, Kim Larsen, Deep Purple og Creedence.

Bandet består av vokalist Øyvind Steffensen, Arne Selstø og Per Vatle på kvar sin gitar, Torstein Pihl på bass og Svein Henry Hagen på trommer.

- Vi har også med oss to jenter frå Os, Birte Særvoll og Helene Spilsberg, som skal syngja kvar si låt, fortel trenaren til Os junior elite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.