Sport | 09. nov. 2015

– Vi reiser til Voss for å vinna

Nore Neset 2 har eit dårleg utgangspunkt etter heimekampen søndag, men har ikkje gjeve opp håpet om opprykk.

– Vi reiser til Voss for å vinna
– Vi reiser til Voss for å rykka opp, seier Arne trass 5-1-tap i første kvalik-kamp. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. nov. 2015 08:37

Mens førstelaget rykte opp til 5. divisjon landa Nore Neset 2 på 2. plass i 7. divisjon og måtte ut i kvalik.

I går spelte dei den første av to avgjerande kampar mot Voss 2.

Nore Neset 2 - Voss 2 1-5 (0-3)
Målskårar, NN: Arvid Rabben
Nore Neset 2: Fredrik Sælen, Paul-Kristian Haldorsen, Audun Røren, Stian Dahle, Remy Nybøe, Ruben Grindevoll, Torbjørn Hjelle, Ørjan Hellesnes, Remy Snilstveit, Anders Kinden, Alexander Thuen - Halvard Sandtorv, Lars Kristian Bruarøy, Arvid Rabben, Sebastian Grindeland, Thomas Øvredal.

– Eg føler resultatet ikkje gjev eit godt bilde på korleis kampen var, det sa Voss-trenaren til meg etter kampen òg, seier Nore Neset-trenar Arne Sælensminde.

Sælensminde stilte med ein sterk tropp, men måtte klara seg utan blant anna Frode Buvik og Tore Tveit. Gjestane leia 0-5 før Rabben i 84. minutt gav heimelaget litt trøyst.

– Det var ganske jamt i spel og sjansar, men gjestane skåra på det dei hadde.

Ny runde på onsdag

Onsdag reiser norenesingane til Voss for å kjempa siste og avgjerande runde i kampen om opprykk til 6. divisjon.

– Gutane gjorde ein god kamp i går og det er ikkje umogleg å klara dette. Vi reiser til Voss for å rykka opp, seier Arne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.