– Vi ser på båten som avfall
Eigar av speedbåten som gjekk til bunns i Os hamn i helga får ei knapp veke på seg til å melda seg.
Laurdag kveld gjekk ein båt ned i Oselvarhopen i Hamnevegen.
Måndag morgon blei båten heva, pumpa og halt på land av Os brannvesen.
– Det går ikkje automatikk i at vi reddar alt av båtar som går ned, men dette er Os hamn, som vi har ansvar for, og det er fare for forureining frå påhengsmotoren.
– Båten har dessutan lagt i Os hamn sidan slutten på mai så vi ser på den som boss, seier hamnesjef Gitle Smaadal frå Os brannvesen.
Kan bli kasta
Det er fleire grunnar til at brannvesenet etterlyser eigar. Om vedkomande vil redda motoren etter at den har vore under vatn, bør han vera rask.
Det er også fare for at båt med motor bli kasta.
– Så snart dei på teknisk eining er tilbake frå ferie, måndag om ei veke, blir den kjørt vekk, kanskje rett på dynga, seier Smaadal.
Han vil i dialog med politiet om båten og ser for seg at den blir kasta om ikkje eigar melder seg ein av dei nærmaste dagane.