Sport | 11. aug. 2016

– Vi slo ein birdie!

Gleda over gode slag var store då Bjørnefjorden Golfklubb arrangerte golfskule denne veka.

– Vi slo ein birdie!
Denne gjengen strålte over å ha slått ein birdie på hol 6 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 11. aug. 2016 10:41

Bildeserie:

Golfskulen på Bjørnefjorden (foto: Andris Hamre)

1 av 4
Golfskulen på Bjørnefjorden (foto: Andris Hamre)
Golfskulen på Bjørnefjorden (foto: Andris Hamre)
Golfskulen på Bjørnefjorden (foto: Andris Hamre)
Golfskulen på Bjørnefjorden (foto: Andris Hamre)

Golfskulen som starta måndag fekk den verst tenkelege starten for ein utandørsidrett som golf med kraftig regn og vind dei to første dagane.

– Det var eigentleg ikkje noko problem. Vi har to flotte simulatorar som vi tok i bruk, i tillegg til at vi laga innandørs puttebane. I tillegg så har vi jo det finaste treningsanlegget i Hordaland med ein drivingrange under tak, så det heile gjekk heilt fint, fortel Erik Just Olsen, rektor og styreleiar i Bjørnefjorden golfklubb.

Fem lag med gode slag

Dei to siste dagane, onsdag og torsdag, har dei vel 20 deltakarane på skulen fått freiste seg ute på banen under kyndig veileiing av to instruktørar. Ein senior og ei av frå junior elite-gruppa til golfklubben.

– I dag speler dei det vil kallar Texas Scrambler, kor dei slår ut kvar sin ball for så å spela vidare på den ballen som ligg best ann, forklarar Just Olsen før han tek oss med ut på banene for å møte spelarane som var delt i fem lag med utgangspunkt i alder og ferdigheitsnivå.

– Vi slo birdie på hol seks, er det første som møter oss når vi treff den første gruppa. Ein birdie er at ein klarer å spele holet på eitt slag mindre enn det banen er satt opp med.

Kvalifiserte til VTG-kort

Etterkvart viser det seg at det er fleire av laga som har klart den bragden.

– Vel halvparten av dei som er med på golfskulen har ikkje spelt golf før, men i løpet av desse fire dagane har dei tatt så store steg alle saman at dei no er kvalifiserte til VTG-kortet (tidlegare grønt kort, journ.mrk.)

– Det er jo noko av det som er det fantastiske med golf, barn og foreldre kan gå saman på banen og konkurrera på like vilkår, uavhengig av kva nivå dei er på og kor gamle dei er, smiler golfsjefen.

6-700 dugnadstimar

At det ligg mykje innsats frå klubben bak den fire dagar lange golfskulen er det lite tvil om.

– Tilsaman har medlemmar i klubben lagt ned mellom 6 og 700 dugnadstimer. Det har vore instruktørar, kjøkkengjengen og andre som har trådd til når det trengtes. Fleire har faktisk bede om å få lov til å jobba meir fordi det er så kjekt, så du kan godt seie at dei unge samlar dei eldre.

Skulen blir avslutta torsdag ettermiddag med felles grilling for deltakarane, instruktørane og dei føresette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.