– Vi starta bra
Tim Henrik Sperrevik er nøgd med Os sine prestasjonar i første halvdel av dagens bortekamp mot serieleiar Arna-Bjørnar.
I mai slo Os Arna-Bjørnar 5-3 på Kuventræ. I haust har Os mista topplasseringa etter fleire tap og heller ikkje borte mot Arna-Bjørnar i dag blei det poeng.
– I første omgang var vi skikkeleg gode. Vi tok føringa på kampen og skapte mykje, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.
Os hadde blant anna tverrliggarskot, skot som blei redda på strek og skot frå god posisjon som gjekk rett utanfor.
– Men vi klarte ikkje setja sjansane våre. I staden fekk heimelaget mål på noko som skulle vore frispark. Og på overtid auka dei til 2-0 på noko som var slurv frå vår side.
Arna-Bjørnar - Os 3-0 (2-0)
– Andre omgang blei dårleg av begge lag. For vår del merkar eg at det er litt vanskelegare å få opp entusiasmen enn då vi låg i toppen. Der det rann inn med mål i vår må vi no jobba hardare for det, vi må bli tøffare i begge endar av banen.
Arna-Bjørnar auka til 3-0 på overtid i 2. omgang.
– Med Per Søgnen Merai ute hadde vi Fredrik Heggland i midtforsvaret i dag. Han klarte seg bra. Og så har vi Espen Kopperud tilbake frå Lysekloster. Han spelte frå start på høgre kant og var frisk i stilen, synes Sperrevik.
Os sitt lag: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Fredrik Heggland, Stian Lunde, Erik Kanestrøm - Tore Valvik, Simen Lassen - Espen Kopperud, Preben Borgen - Ramo Racic - Børge Borgen.
Innbytarar med speletid: Tor Erik Berge, Håkon Kvittingen og Egil Thuen.
Os sin neste kamp er heime laurdag 8.9 klokka 16 mot Varegg.