Lokal | 10. apr. 2018

– Vi treng alle ei påminning

Sentrumsleiaren serverte bollar og kaffi for å få folk til å parkera rett.

– Vi treng alle ei påminning
William Lindborg i Os sentrumforening og folk frå kommunen serverte kaffi og bollar tysdag morgon for å få folk til å parkera rett (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 10. apr. 2018 14:09

Parkering i Os sentrum er eit stadig tilbakevendande tema. Tysdag morgon tok sentrumsleiar William Lindborg med seg kommunalsjef Aina Tjosås og prosjektsjef Halvor Hanevik og serverte kaffi og bollar til køyrande og forbipasserande.

– Vi vil gjer det på denne måten i staden for å berre rette opp peikefingaren. Det ser ut som om folk treng ei oppfrisking på kor det er to timars og tre timars parkering. Alle vi har snakka med i dag har tatt det med godt humør og forståelse, fortel Lindborg i det han er i ferd med å avslutta klokka 10.

Glad for velviljen

Målet med stuntet er å få til ei høgre rullering på parkeringsplassane i sentrum.

– Spesielt no etter at grusbanen igjen skal bli brukt til det den eigentleg skal, nemleg idrett, så er det greit å minna folk på at det er mogleg å bruke parkeringsplassar i randsonene til sentrum.

– Vi er veldig takknemlege for velviljen Jadakameratane og Os ungdomsskule viste i vinter når vi fekk nytte grusplassen. Eg skal opp der seinare i dag med nokre fotballar til Jada som ein liten takk.

– Vi må alle skjerpe oss

For å frigjera to- og tretimarparkeringa ser Lindborg helst at næringsdrivande og dei som jobbar i sentrum nyttar langtidsparkeringa i randsonane.

– Det handlar om å frigjera to- og tretimarsparkeringa til dei som skal på helsestasjonen, frisøren, tannlegen eller gjera eit ærende hos butikkane i sentrum.

– Vi veit det er trangt om plassen og difor er det viktig at folk veit at det er mogleg å nytta parkeringane i randsonen. Det er ikkje meining å vera stygg, men å minna folk på dette. Spesielt gjeld det oss som jobbar i butikkene eller har kontor i sentrum.

– Vi treng å stramma oss litt opp. Det har vore litt ubehageleg både for oss som har stått her og for dei som har fått påminninga, men saman så kan vi gjera ei betring.

– Det kan dessuten vera ein fin anledning til å finna fram sykkelen eller ta beina fatt til å frå jobb no når våren endeleg ser ut til å koma, avslutter Lindborg med eit smil og ser opp på sola som er i ferd med å bryta gjennom tåka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.