Lokal | 28. feb. 2017

– Vi var nær på å kjøpa champagne

E39 Stord-Os: Os Venstre fortel om tre veker med «berg- og dalbane»-stemning. I dag blei det hasteinnkalling til styremøte.

– Vi var nær på å kjøpa champagne
– Når prisen blir lågare kan ilandføringa i Øyane og plassering av dei høgaste bruelementa bli endå meir ruvande, trur Haugland. (Ill. SVV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. feb. 2017 20:17

I dag orienterte regjeringa om delar av Nasjonal Transportplan. Saman med Venstre og KrF er regjeringspartia Høyre og Frp einige om E39 Stord-Os:

– Vi skal realisera prosjektet med oppstart i den første perioden av NTP-en (første seks åra, journ.mrk), men vi må få på plass eit fornya prosjektmandat med lågare kostnadar.

– Det blir igangsetjing i første del av perioden og gjennomføring i andre del er planen, men prisen må ned i forhold til det vi har sett så langt, sa statsminister Erna Solberg.

Brumotstandar og nestleiar i Os Venstre, Glenn Erik Haugland, er tydeleg på kva han meiner om uttalen frå regjeringa.

– Dette har gått så gale som det kunne gå. Eg tolkar dette med lågare pris som at ilandføringa i Øyane blir endå mindre skånsam, i tillegg vil høgaste bruelement, som blir 183,5 meter (!) over vasskorpa, nærmast Øyane, ikkje Reksteren. Til samanlikning er Oslo Plaza 117 meter høgt.

Hadde håp om at Venstre skulle snu

Os Venstre, som tidleg blei tydeleg motstandar av midtre trasé og bru frå Tysnes til Os, var i 2013 nøgd med å få meiningsfelle Terje Breivik i Hordaland Venstre inn på Stortinget.

Les òg: – Rett mann for rett trasé

Ifølgje Haugland har det dei siste vekene sett ut som om Breivik skulle få resten av Venstre med seg for indre trasé.

– Det var ein kamplysten Breivik som stilte på årsmøtet vårt, og ei stund såg det ut som om vi var så nær at det var rett før vi gjekk på Vinmonopolet og kjøpte oss ei champagne, fortel Haugland.

– Mildt sagt dårleg stemning

Hauglands skildrar dei siste vekene som ein berg- og dalbane. Ikkje før måndag kveld forsto dei at Venstre likevel ikkje ville go mot midtre trasé.

– Det var samstemt dårleg stemning på styremøtet i dag, for å seia det mildt.

– Vi er skuffa, og vi har ikkje plan om å gå stille i dørene i denne saka framover.

– Kunne gjort same suksess som Senterpartiet

Os Venstre vil ikkje røpa korleis dei vil kjempa vidare internt i eige parti, men er tydelege på at dei ikkje er imponert over leiinga.

– I 4,5 år no så har vi tatt pulsen på stemninga i Os, på dei som blir råka om dette bruprosjektet blir realisert. Heilt sidan folkemøtet i Øyane for 4,5 år sidan har vi spelt inn sentralt kva innbyggarane i Os meiner, utan at det no har effekt.

– Vi er stolte over det vi, saman med Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, har fått til, men vi er veldig skuffa over at Venstre sentralt ikkje klarer det for eksempel Senterpartiet klarer. Sjå kva suksess dei har gjort i fleire saker i Distrikt-Noreg, dette kunne vore Venstre sin tur til å visa at dei klarer å fanga opp folkevilja.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.