VIDEO: Os - Tertnes

Sjå samandrag og alle dei 15 (!) skåringane i NM-thrilleren på Kuventræ onsdag.

Kjetil Vasby Bruarøy
09. april 2015 - 12:10

Det blei ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse då Os i går tok imot Tertnes til andre og avgjerande kvalifiseringskamp til fotball-NM.

Os hamna under tre gongar, men utlikna like mange.

Frode Moberg Øvredal si strafferedning blei avgjerande og alle Os sine fem skyttarar fekk ballen i mål.

Trenar Hassan El Fakiri og Os sin nye kaptein Torkel Hjertnes leia Os til NM for første gong på fleire år i det som var deira første heimekamp.

I videoen over ser du 9 av dei 130 spennande minutta i gårsdagens kamp.

Sjå bildeserie og les meir om kampen her.

Os - Tertnes 8-7 (3-3 eeo, 0-1 til pause)
Målskårarar, Os: Adrian Valle, Marius Mikkelsen og sjølvmål (i forsøk på å hindra Christer Olsen, som var åleine med keeper).
Målskårarar, Os, straffekonk: Christer Olsen, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Emil Halver og Børge Borgen.

Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - Stian Bakke, Torkel Hjertnes, Knut Spangelo Haga, Glenn Krossøy - Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Adrian Valle - Emil Halver, Sebastian Skåre Tune og Sander Kvittingen.
Innbytarar med speletid: Christer Olsen, Børge Borgen og Aksel Skaar.

 

Les meir om

Fotball Os herre Sport