Sport | 23. sep. 2013

Viktig bortesiger til damene

Går for opprykk: Os tok sin 8. siger på rad då dei i går slo Rosendal på bortebane.

Viktig bortesiger til damene
Ragnhild Hernes Leonsen sette inn 1-0-målet mot Rosendal i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. sep. 2013 07:37

Os sitt damelag har sin beste sesong på fleire år og har berre tapt 2 av 15 kampar til no i år.

I går tok dei sin 8. siger på rad då dei slo Rosendal på 3. plass 1-2 på bortebane.

– Fortent siger

– Vi hadde fullstendig overtak, skapte mange sjansar og hadde sikkert fem skot i stolpen før pause, fortel trenar Cato Moldskred.

Det sto 0-0 til pause. I 2. omgang gjekk Os opp i 0-1 ved Ragnhild Hernes Leonsen og 0-2 ved Guro Drange Veglo frå jentelaget til Os.

– Vi hamna litt nepå mot slutten, og sleppte inn 1-2, så det blei hektisk før slutt. Kampen skulle vore avgjort før pause, så eg er glad vi fekk tre poeng med heim.

Går for opprykk

Sund Sportsklubb er suveren i Os si 4. divisjonsavdeling, sjå tabell, men om Os held seg på 2. plass ut sesongen blir det kvalifiseringskamp for opprykk til 3. divisjon.

– Vi har eit sterkt jentelag på veg opp, derfor vil vi kjempa for å rykka opp, seier Moldskred.

Os brukte to av jentelagsspelarane i går, Guro Veglo og Tonje Lindbom, som reiste direkte frå Rosendal til kamp med J16 på Kuventræ, der dei skåra fleire mål i 8-0-siger over Kvernbit i 1. divisjon.

Damelaget til Os har tre kampar igjen, mot serieleiar Sund på bortebane i neste runde, mot Stord 2 i sise heimekamp (13/10) og mot Bjørgum borte i siste runde (20/10).

Med siger i to av desse tre er 2. plassen berga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.