Fotball | 07. nov. 2012

Viktig fotballveke for Os

Laga frå Os har fått ein god start i Lagunen Fotballfest. I kveld speler Os 2 KM-finale, i morgon speler Os G16 kamp om seriemeisterskap på heimebane.

Viktig fotballveke for Os
Lars Erik Lunde og resten av Os 1 kjempar torsdag kveld siste og avgjerande kamp om å vinna 1. divisjon. (Foto. KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. nov. 2012 14:56

Førstelaget til Os G16 har lagt i tet, men jamt med Fyllingsdalen, gjennom sesongen i 1. divisjon.

Os har leia på målforkjell, men i førre runde gjekk Fyllingsdalen forbi. Det gjer at Os truleg må vinna i morgon, og dei må vinna med eitt mål meir enn Fyllingsdalen.

Dei to laga speler nemleg ikkje mot kvarande, Fyllingsdalen speler heime mot Sandviken/Varegg på 11. plass, Os speler heime (kampstart kl 20.00) mot Tertnes på 3. plass.

– Sjansen er stor for at Fyllingsdalen vinn i morgon, men det held at vi vinn med eitt mål, sidan vi har skåra meir enn dei, seier trenar Bjørn Mjelva, som har ein "spion" på plass på Varden for å rapportera til Os om status i rivalen sin kamp.

Juniorane med suksess i cup og serie

Os, som ikkje har stilt med juniorlag i serien i år, stiller som i Norway Cup med juniorlag i Lagunen Fotballfest.

Fredag spelte dei mot Fana, som landa på 5. plass i junior 1. divisjon (elite) i år.

– For det første vil eg seia at Frode Øye og Terje Kvittingen har gjort ein fantastisk jobb med ungdomen vår, som rykker opp frå 5. til 4. divisjon.

– Og så synes eg det er utruleg kjekt å sjå korleis dei speler saman, ein miks av Os 2- og unge A-lagsspelarar, seier trenarassistent på A-laget, Tore Nielsen.

Nielsen leia Os junior mot Fana i Lagunen-cupen fredag, der Os vann 4-1 etter skåringar av Simen Lassen (2), Fredrik Heggland og Egil Thuen.

– Eg trur ikkje Fana forsto kva som råka dei, vi var råsterke, meiner Tore.

Juniorane har to kampar igjen i innleiande rundar, men først er det bortekam med Os 2 mot Osterøy i kamp om kretsmestertittelen.

– Os 2 imponerte mest

I Lagunen Fotballfest har gutelaget stilt med tre lag. Os 1 og Os 2 er vidare som puljevinnarar, Os 3 er vidare som nummer 2 i pulja.

– Førstelaget har grunna handikapp starta med to straffar imot i kvar kamp. Mot Sotra 2 blei det 1-2-tap, det er tøft å kjempa mot 10 forsvarar i korte kampar. Men dei andre klarte vi å vinna, seier Mjelva.

Os 2 vann alle kampane sine, Os 3 var suveren i to, men tapte tredje.

No er det A-sluttspel for alle tre.

Fleire gode resultat frå Os

Blant laga frå Os har G13 spelt 1 kamp, som dei vann 3-0 og J14 tatt seg vidare til kvartfinale som puljevinnar.

Også Nore Neset sine J14 er vidare til kvartfinale.

Frå Nore Neset har G12 vunne 2 av 4 kampar, G13 ikkje spelt og G16 vunne 2 av 3 og er vidare i A-sluttspelet.

Nore Neset/Søre Neset G15 har ikkje spelt, Lysekloster G12 har vunne 1 av 4.

KIL/STIL deltar med G13 og to G16-lag, som ikkje har spelt, og J13, som tapte første kamp 1-2.

Kampoppsett finn du her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.