Viktig for heile Bergensregionen
Europan 13: Fylkeskommunen løyver 510 000 kroner til arkitektkonkurransa. – Os er viktig for Bergensregionen, seier fylkesdirektøren.
Då Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland Fylkeskommune innleia på folkemøtet om den utvida «Esso-tomta» tysdag hadde han med seg ei gladnyheit til kommunen. Fylkeskommunen bidreg med 510 000 kroner til kommunen si deltaking i Europan 13.
– Os er eitt av fire regionsentre rundt Bergen og får ei viktig rolle utover det å vera eit vanleg kommunesenter.
– I regional plan for attraktive sentre, som skal handsamast i fylkestinget no i desember, legg vi mellomanna opp til at stat, fylkeskommune og kommunen sjølv skal plassera gitte tenester i dei definerte regionsentra, forklarte Sandal.
Blant tenestene som er nemnd i planen er sjukehus/spesialisthelsetenester for regionen, høgskule/desentralisert universitet, større tannklinikkar og vidaregåande skuler.
Sentralisert konsentrasjon mest berekraftig
Fylkesdirektøren fortalde at dei i planarbeid i fylkeskommunen har sett på korleis skapa dei mest berekraftige løysingane.
– Analyser syner at dei sentraliserte konsentrasjonane er mest berekraftige i høve transportbehov.
– Difor ser vi for oss å flytta næring og busetting rundt regionsentral.
– Fylkeskommunen støtter utviklinga av Os som regionsenter. Allereie har vi bidrege med midler til prosjekt «Liv på Øyro» og det er naturleg å støtta arbeidet vidare, no gjennom Europan-konkurransa.
– Eg vil berre ønskje lykke til. Dette er viktig for Os og Os er viktig for heile Bergensregionen, avslutta Sandal.