– Viktig med scene-erfaring
Video: Lokale helter på kaien med Eirik Søfteland som gjesterartist. – Ein flott greie, som gjer talenta god erfaring, seier Søfteland.
Osfest vidareførar festival siste helga i juni med Osfest-vorspielet «Lokale Helter». Fredag sto Hans-Marius Johnsen Band og Blue Note Shuffle på scena. Laurdag formiddag var det plass for fleire av dei unge, og kanskje litt mindre kjente, talenta i bygda.
Men eit par røynde musikarar var å finne på scena. Far og sønn Søfeland – Tord og Eirik.
– Dette er eit flott tiltak og viktig for kommande artister.
– Eg gler meg til å stå på scena med lillebror Lars, men òg å få spela med Hans-Marius og ikkje minst Jone Kuven.
– Jone er definitivt ein av dei beste bassistane som finst i Osbygda, trass at han berre er 16-17 år, skryt Eirik Søfteland like før han går på scena.
Variert matiné
Laurdag formiddag blei ein variert oppleving for publikum. Ikkje berre var det variasjon mellom steikande sol og regn med hagl. Også det musikalske varierte stort frå Eirik-rock med gitarsoloar frå Hans-Marius til meir visenære sjangerar med Tone Rose.
– Eg tykkjer dette funger bra eg, smilte Steinar Lyssand omlag halvvegs i konserten.
I kveld held festen fram med Morten Pedersen Band og Blue Note Shuffle.
Video, 3:21: Sjå klipp av "The Søftelands" (Lars, Eirik og Tord Søfteland), Hans-Marius Johnsen og Jone Kuven, Hans-Marius og Eirik med band og Tone Rose med Steinar Lyssand.