Lokal | 11. aug. 2014

Vil bidra til betre folkehelse

Sport1 med kampanje for å betre folkehelsa. Dei tilsette sparka kampanjen i gang med å løpa 30 turar på Liafjellet.

Vil bidra til betre folkehelse
Stemninga var optimistisk då dei tilsette ved Sport 1 saman med nokre familiemedlemmar starta på den første av 30 turar opp på Liafjellet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 11. aug. 2014 08:30

Søndag formiddag stilte dei tilsette ved Sport 1 Os opp på parkeringa ved Nore Neset ungdomsskule. Hensikten var å løpa 30 turar opp på Liafjellet.

– Vi startar ein kampanje denne veka som vi har kalla «30 om dagen».

– Dette er ei direkte oppfølging frå tidlegare helseminister Jonas Gahr Støre, kor han i fjor lanserte 30 minutt fysisk aktivitet om dagen for å betre folkehelsa.

– Vi tenkte vi ville sparke igang kampanjen med å ta tredve turar i strekk opp på Liafjellet, fortel primusmotor for stuntet, Andreas Søfteland.

Vil ha fokus på trening

Sportskjeden ønsker meir fokus på trening, og at folk kjem seg ut.

– 30 minutt med fysisk aktivitet om dagen er en god start.

– Difor inviterar vi osingane til å komma innom butikken i dei to neste vekene for å bli med.

– Alle som gjer 30 repetisjonar av ei fysisk øving, anten det er spensthopp, situps, splitthopp eller noko anna, premierer vi med eit gåvekort på 100 kroner, fortel dagleg leiar Erik Rosendahl, som lovar at dei tilsette vil vera med å vegleia når kampanjen startar måndag.

Spent stemning

Dei tilsette i butikken innrømmar dei er spente før dei legg ut på 30 repetisjonar av Liafjellet opp.

– Vi kan ta det litt roleg. Vi treng ikkje løpe heile vegen, spør ei litt forsiktig.

– Neida, vi tar det pent og forsiktig.

– I tillegg får vi variera løypa litt med å ta turen til Thuen og Mobergslio også. Vi skal nok klare dette, forsikrar Søfteland.

Vel fire timar seinare tikkar følgjande melding inn frå tur-leiar Søfteland:

– Då var turane gjennomført og sofaen inntatt :-)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.