Kultur | 25. mai 2010

- Vil bli ein del av Os

Oseana-direktør Kim Kristoffersen ser på det å gjera seg kjent med Os som ei av sine første viktige oppgåver.

- Vil bli ein del av Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. mai 2010 11:29

I dag blei det kjent at det er Kim Kristoffersen (36) som får jobben som direktør for Oseana.

- Det var ein gledeleg telefon å få klokka 21.30 om kvelden, seier Kim Kristoffersen til Midtsiden.no.

Les òg:
Her er Oseana-direktøren

Spennande stilling
- Kvifor takka du ja til stillinga?

- Både stillinga og det at eg får høve til å vera involvert så tidleg synes eg verkar veldig spennande. Det å vera med på å forma Oseana frå før opninga blir nok ein veldig engasjerande prosess.

- Håpet om å få jobben vaks med tida som gjekk, så 18. mai blei ein stor dag for meg. Eg er audmjuk og takksam ovanfor styret sitt val.

Nærmare Os
Kristoffersen bur i Sollia på Landås med sambuar og tre barn.

- Vi skal gifta oss på Voss i juni, fortel han.

- Kan det bli aktuelt å flytta til Os?

- Vi har ungar som går på skule, så det å flytta er ikkje ei avgjerd eg tar åleine. Det kan henda at vi flyttar nærmare Os, og det er nok ikkje uaktuelt at vi med tida blir osingar.

- Så du har ikkje allereie bestilt deg eit husvære i naboprosjektet Os Sjøfront?

- He, he! Nei ikkje enno. Men eg driv litt med sykling og sykler av og til gjennom Os. Det å koma ned mot Osøyro og sjå at det opnar seg ut mot fjorden er heilt fantastisk.

- Å gjera seg kjent med Os og osingane, å bli ein del av Os, blir ei viktig, men kjekk oppgåve, trur han.

På plass i juni
Kristoffersen startar sitt engasjement med éin dag i veka frå juni av, medan det frå 1. oktober blir 100 prosent Oseana.

- Eg får truleg eit midlertidig kontor i rådhuset i starten, og har min første dag på jobb ein gong i veke 23, seier Oseana-direktør Kim Kristoffersen.

Sjå samleside:
Alle Midtsiden-sakene om Oseana

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.