Vil bli forstyrra
YR-utstillinga i Visningssenteret er over, men framleis er kreative krefter i sving i lokalet i Hamnevegen. - Nokre av oss blir sitjande å jobba, og vi tar gjerne imot besøk, seier Frode Sirevåg.


I helga var siste opningsdag for YR-utstillinga. Dei fleste kunstnarane pakka då saman tinga sine, men ikkje alle.
- Dette er jo eit fantastisk lokale å stilla ut i, og under YR var det nokre av kunstnarane som byrja å snakka om å okkupera. Eg trur til og med nokre av dei har litt erfaring med husokkupasjon frå tidlegare, seier Frode og ler.
Sjølv om kommunen sitt rålokale i Hamnevegen ligg i nabobygget til lensmannskontoret, sit kunstnarane framleis ganske trygt.
- Med eigedomsforvaltar i Os kommune, Kari Fjeldstad, engasjert i YR, var det ikkje vanskeleg å få låna nøklane i nokre veker ekstra. Førebels er det berre eg, Elin Søfteland og Odd Olav Nøss som jobbar her, men det kjem kanskje fleire.
- Kommunen får berre seia frå når dei vil ha lokalet tilbake, eg likar meg så godt her at eg forsvinn nok ikkje herfrå av meg sjølv, ler Sirevåg.
"Møt kunstnaren"
Sjølv om utstillinga er over og Visningssenteret har endra rolle til atelier, er dørene framleis opne.
- Eg er på plass frå 11 om dagen, og sit utover ettermiddagen og kvelden, av og til heilt til midnatt. Det har faktisk hendt at eg har jobba til eg sovna, men eg bur ikkje her, presiserar han med nok eit stort smil.
Medan kunstnarane er i aktivitet står dørene opne. Her kan du sjå dei jobba medan du tar ein kopp kaffi. Kjem du til rett tid kan det handa du også får deg litt vaflar.
- Det å møta folka bak måleria trur eg betyr litt for mange, spesielt på vårt nivå, vi som er nye. Skal du ha noko på veggen kan det vera greit å ha eit forhold til det, og det får du når du har møtt kunstnaren, eller kanskje til og med sett måleriet bli til.
Vil bli fulltidskunstnar
Frode er fersk kunstnar, men veit kva han snakkar om. Salsutstillinga han hadde på Bjørnefjorden Gjestetun i februar blei ein suksess.
- Omtrent alt blei selt, og i slutten av juli skal eg ha ei privat utstilling. Så eg har det i grunnen litt travelt no, seier Frode, utan å flytta seg frå vaffelpressa.
Det gode salet har fått Frode til å leika med tanken om å satsa fulltid som kunstnar.
- Eg har nettopp vore med på omskulering hos NAV, og tatt lappen på lastebil, men vil no ta del i eit etableraropplegg dei har som går over seks månadar. Eg nyter arbeidsdagane, men får nok ein hektisk haust, trur Frode Sirevåg.
Ut mot fjorden
Frå å måla i litt dystre fargar har Frode fått ny inspirasjon i atelieret på brygga i Os hamn.
- Plutseleg har eg byrja å måla med blått, det er heilt utruleg kva hamna og dei store vindauga kan gjera med ein.
Frå brygga kjem det også ein del besøkjande.
- Vi kjem frå Fana, og tar turen til Os når vi føler for å ta det litt med ro. Og når vi vil sjå litt på fjorden og livet i hamna, seier Oddbjørn Aasen.
Aasen besøkte atelieret saman med familien onsdag kveld.
- Eg kjøper kunst av og til, men no er det tre år sidan sist. Det er nok lurt av kunstnaren å gjera seg tilgjengeleg på denne måten, trur Aasen.
- Kva synes du om dama på måleriet bak deg (måleriet er selt til kunde i Os, måla av Frode Sirevåg).
- Det var ho som fanga interessa vår, vi sat på benken ved Oselvarnaustet og åt is då vi såg ho. Først såg det ut som om ho var levande. Ho ser sterk, men sårbar ut. Men mest sterk, ho strålar ut litt "ikkje kom her"-haldning, meiner Oddbjørn Aasen.