Lokal | 16. feb. 2017

Vil bli språkkommune

Os kommune vil styrka språkopplæringa ytterlegare og søkjer Utdanningsdirektoratet om å bli språkkommune.

Vil bli språkkommune
Tenesteutvalet fekk onsdag orientering om at kommunen vil søka utdanningsdirektoratet om å få bli språkkommune (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 16. feb. 2017 13:25

I samband med presentasjon av dei nasjonale prøvane i tenesteutvalet onsdag slapp kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, nyheiten om at Os kommune ønskjer å søka om å få bli ein del av regjeringa si satsing på språk.

– Språkkommune er ei nasjonal satsing. Per i dag er det 27 språkkommunar rundt i landet. No er det opna for ei ny søknadsrunde kor det er satsing på språk gjennom lesing, skriving og muntleg frå barnehage til grunnskule, forklarte Rye.

Vil sikra ein raud tråd

– Språkkommunene blir viktige for å få ein heilskapleg satsing på språk, lesing og skriving frå barna byrjer i barnehagane til dei går ut av vidaregåande skule, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) då dei 27 første kommunane blei vald i april 2016.

– Grunnen til at vi ønskjer å bli ein del av dette er handlar om systematikken i arbeidet vi gjer. Om vi får vera med vil vi laga ein strategi for korleis jobba med språket og sikre linjene frå barnehage og inn i skulen, fortalde Rye, som seinare på dagen skulle presentere rammene rundt søknaden for styringsgruppa i prosjekt betre læringsresultat (BLR).

Gav eit klart og tydeleg ja

Leiar av styringsgruppa for BLR, Eirik Andre Hesthamar (FrP) fortel om ei positiv tilslutning til søknaden.

– Det var ei veldig positiv stemning og gitt full tilslutning om å søka då vi hadde møte i styringsgruppa i går.

– Dette passer godt i satsinga vi allereie held på med. Mange barnehagar driv allereie språkløyper gjennom Lesesenteret i Stavanger, vi har Leselos på barneskulane og lesing i alle fag på ungdomsskulane, så ei deltaking som språkkommune vil hjelpa oss å få på plass eindel systemkrav for å sikre heilskap i alle ledd, seier Hesthamar.

Språkkommuner er ein del av den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving. Som språkkommune vil kommunen motta fagleg og økonomisk støtte til frikjøp av ressurspersonar, nettverksarbeid og arbeid med lokal strategi.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.