Slik kan Lyssandfabrikken bli sjåande ut etter ombygging viser skissene frå moglegheitsstudien (ill: ABO Plan & Arkitektur AS)

Vil bygga bustadar i fabrikken

Den gamle Lyssandfabrikken kan ha plass til 90 leilegheiter, viser moglegheitsstudie. Sjå skissene.

image
image
image
image
Av: Andris Hamre

På vegne av tiltakshavar og grunneigar Mons Tore Lyssand har ABO Plan & Arkitektur AS bedt om å få starta oppstart av planarbeid for ein detaljreguleringsplan for Lyssandfabrikken. Dei har tidlegare sendt inn innspel i samband med rullering av kommunedelplanen for den same eigedommen.

I saka dei har sendt til Os kommune kjem det fram at dei ønskjer å legga til rette for bustader i rekkehus og mindre blokker nord for fabrikken.

– Utbyggingsvolum og byggehøgder vil bli endeleg fastlagt som del av planprosessen. Det er utarbeidd ein studie som viser mogleg utnytting innanfor planområdet. Denne legg opp til ei ombygging av eksisterande fabrikkbygning til om lag 90 bueiningar.

– For det ubygde arealet nord for fabrikken er det vist ei løysing der ein kombinerer blokker i tre plan med parkeringsanlegg i kjellar og rekkehus i to plan med parkeringsanlegg i kjellar. Eksisterande einebustad er tenkt rive. Mogleg utbygging i nord, Holen, omfattar eit utbyggingsvolum på om lag 55 einingar.

– I plassering av ny bebyggelse er det lagt vekt på at naboar sine sol- og utsiktsforhold vert tatt vare på, heiter det i planinitiativet.

Vil tilføra området nye kvalitetar

Etter at Inwido Salg AS la ned produksjonen i 2014 har delar av lokala vore utleigd til annan næringsverksemd.

– Ei realisering av prosjektet vil tilføre området nye kvalitetar ved at dagens fabrikkfasade vert renovert og oppgradert. Delar av område nord for fabrikken kan opparbeidast til uteopphaldsareal med gode solforhold. På grunn av vegtrafikkstøy vil det truleg bli naudsynt med noko støyskjerming av uteopphaldsareal, eventuelt nytte fasade som støyskjerming.

I val av byggehøgde er det teke omsyn til eksisterande busetnad bak dagens fabrikk.

Fleire saker