Lokal | 23. feb. 2017

Vil bygga fortau frå Vallebrua

Vegvesenet har sett av pengar til prosjektering av gang- og sykkelveg frå Hauge til Valle. – Det blir oppstart i 2017, seier kommunalsjef Aina Tjosås.

Vil bygga fortau frå Vallebrua
Kommunen skal finna løysing for mjuke trafikantar over Valle bru (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. feb. 2017 16:05

I november møtte dåverande ordførar Terje Søviknes og prosjektsjef i Os kommune Tor Inge Døsen uroa bebuarar langs Hegglandsdalsvegen og fortelje at det vil komma gang- og sykkelveg frå Hauge til Valle bru.

Ein optimistisk prosjektsjef såg ikkje vekk frå at ein ville vera i gang før sommaren med arbeidet.

I plan- og bygningsutvalet torsdag kunne kommunalsjef for Samfunnsutvikling, Aina Tjosås, fortelje at ein hadde kome vidare med planane.

– Vi har hatt fleire møter med vegvesenet og fylket om saka. Statens Vegvesen har satt av penger til prosjektering no i 2017. Dette skal vi samkøyre med Os kommune sitt VA-anlegg, så vi skal få gang- og sykkelveg på plass, lovde Tjosås.

Oppstart i 2017

Tjosås kunne ikkje lova at vegen ville stå ferdig i 2017, men at det blir oppstart er ho trygg på.

– Vi legg VA først, så legg vegvesenet gang- og sykkelveg oppå i tråd med den godkjende reguleringsplanen, forklarte Tjosås som la til at ein får med Valle bru i arbeidet.

– Du seier vi får med Valle bru, kva vil det seia, undra Espen Aspenes (Frp).

– Det er ikkje klart, men vi skal finna ei løysing for dei mjuke trafikantane. Vi skal komma i land, forsikra Tjosås.

Midler hos fylket

Gustav Bahus (Frp) fortalde at fylkeskommunen nyleg hadde lyst ut 20 millionar til trafikksikringstiltak.

– Det er ikkje mange kommunar som har gryteferdige prosjekt som dette, så det bør vera mogleg å henta ut midler til dette prosjektet, påpeika Bahus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.