På området kor ballbingen og snuplassen er i dag ser SNIL for seg å byggja idrettshall (foto: Andris Hamre)

Vil bygga hall på Halhjem

Søre Neset IL med konkrete planar om idrettshall.

Av: Andris Hamre

Folkeveksten dei siste åra har vore formidabel på Halhjem og Søre Neset. No går idrettslaget svanger med planar om at krinsen også skal få seg ein idrettshall.

– I dag er det jo berre gymsalen på Lunde vi har. Vi har sendt inn skisser på ein hall til Os kommune som kan romme det meste av inne idrettene. Den vil ha ei full spilleflate på 20x40 meter, fortel Bjarte Aarvik, styreleiar i Søre Neset IL:

Vil samarbeida med skulen

Dei ser for seg at ein i tillegg til sjølve hallrommet får plass til klasserom og kjøkken.

– Vi ønskjer å gjera dette i samarbeid med skulen og kommunen. I dag har dei jo ikkje eigen gymsal. 

– Tilbakemeldingane har så langt vore gode på at vi har tenkt rett.

– Kor ser de for dykk hallen?

– Planen er å etablera den der ballbingen og snuplassen er i dag. Vi har tru på at vegen her ute blir lagt litt om og at vi med det skal få plass til den. Håpet er å kunne starta opp bygginga om tre-fire år, avsluttar styreleiaren.

I mellomtida har idrettslaget søkt om midler til å få bytta det 12 år gamle kunstgrasdekket på fotballbanen.

Fleire saker