Lokal | 15. okt. 2019

Vil du dela bilde og tips frå ferien din?

Midtsiden og Travelnet Os Reisebyrå inviterer til nyttig og inspirerande konkurranse.

Vil du dela bilde og tips frå ferien din?
Solnedgang sett frå vestenden av gata Paseo Orinoco i feriebyen Playa de las Américas på Tenerife. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. okt. 2019 14:06

Med «Turen min» inviterer vi lesarane til å skildra ferien sin i tekst og bilde. Alle publiserte bidrag er med ein konkurranse der vi éin gong i året trekker ut eit gåvekort på 4000 kroner hos Travelnet Os Reisebyrå.

– Det er rikeleg med god reiselektyre å få tak i, men det er ikkje alltid du finn noko bra om staden du skal til, eller noko som er skrive av ein nøytral person. Du treng ikkje vera profesjonell skribent for å dela nyttige reisetips eller inspirerande bilde, seier dagleg leiar i Os Reisebyrå, Kjersti Fjellvang.

– Både reiser internt i Noreg, eksotiske reisemål og charterdestinasjonar kan vera interessante å lesa om. Kanskje har du funne ein fin plass å bu eller vore på ein liten ekskursjon som du anten kan anbefala eller fraråda. Dine opplevingar kan ha noko å bety for andre sine ferieplanar eller opphald.

På folkeleg nivå

– Om du vurderer å senda eit bidrag, skal du veta at det ikkje treng å vera så omfattande. Vi ventar ikkje at folk kjem heim frå ferie med notatblokk full av terningkast på restaurantar og priseksempel på ekskursjonar. Ein bildeserie og nokre ord om plassen du budde, og kanskje ei anbefaling eller tre, kan vera både nyttig og inspirerande lesing, seier Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy.

– Har du gode bilde frå ei reise for nokre år sidan, og har nokre minne om kva som var kjekt med turen, så kan det vera nok.

– Du vel om du vil skriva kort eller langt, på bokmål eller nynorsk. Vi ser over og rettar før publisering.

Vil du dela ferieminnene dine med Midtsiden?

1. Send tekst til tips@midtsiden.no

2. Send oss bilda dine, 5-20 stk, via WeTransfer.com (krev ikkje innlogging)

Hugs:

• Alle bilda må vera tatt av innsendar eller nokon som har samtykka til bruk på Midtsiden. Identifiserbare personar skal ha samtykka i at bilder er tat og blir publisert.

• Saman med tekst, send helst med bildetekstar til dei bilda du sender inn. Spesielt stadnamn, om det er ei koseleg gate, ei fin strand eller ein spektakulær fjelltopp du sender bilde av.

Os Reisebyrå er eit fullservice reisebyrå både for grupper, familiar, firma og individuelle reisande. I tillegg til eigne turpakkar sel dei reiser for blant andre Ving, Apollo og Vitaltour.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.