Sport | 19. juni 2010

Vil du fiska?

Måndag inviterer Os jakt og fiskelag barn og unge til gratis fiske i Oselvo.

Vil du fiska?
Andris Hamrelørdag 19. juni 2010 07:03

- Vi ønskjer å bidra til at fleire barn og unge får opp auga for den kjekke hobbyen det er å fiska med stong i elv. Difor arrangerer vi gratis fiske i Oselvo, fortel leiar i ungdomsutvalet i Os jakt og fiskelag, Tor Åge Thuen.

To gonger i året
- Vi plar ha eit slik arrangement to gongar i året. Ein gong rundt skuleslutt og ein gong tidleg på hausten, fortel Thuen.

Fiskekvelden er open for alle under 16 år. Barn under 9 år må ha med foresette med seg. Redningsvest må naturlegvis alle ha på.

- Har du eiga fiskestong tek du den med, hvis ikkje har vi nokre stenger du kan få låna, sier Thuen.

Premier
- Vi arrangerer forskjellige typar konkurransar med premier, mellom anna til dei som får fisk, seier Thuen.

- Har du lyst å vera med møter du på handicapbrygga i Oselvo rett ova Kløvertun kl 18.00 måndag, avsluttar Tor Åge Thuen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.